Gå til sbm.no
Karoline Aamås viste at det umulege går an. Å løfte seg sjølv etter håret. Heilt til topps. Foto; Fuglefjellet

NÆRINGSTEFT kick off i Fosnavåg

​Løft for folk og løft for idear

Vi ønsker å ta gründerskapet i regionen til eit heilt nytt nivå.

Prosjektleiar for NÆRINGSTEFT , Linda Rafteseth Grimstad, ønskte fleire hundre gründerar og næringsdrivarar velkomen til Fosnavåg konserthus, NÆRINGSTEFT og eit program som inspirerte og motiverte.  Det heile starta med rope artist Karoline Aamås som viste kva ein kan oppnå om ein vågar å miste fotfestet for ei stund. Då kunne ho løfte seg høgt.

Og NÆRINGSTEFT skal løfte både gründerar og idear.

- Og det er umuleg å vite kven som lukkast i det verkelege livet. Om ein ikkje går vidare eller vinn NÆRINGSTEFT , så må ein ikkje miste motet, sa Linda Rafteseth Grimstad.

Sette fart og tenke større
Ei av dei som er klar til å vere med i NÆRINGSTEFT, både konkurransen og kompetansereisen, er Ingeborg Kramprud frå Fræna. Ho driv med yoga for gravide og mødrer i barsel, har kontorplass i Protomore i Molde og er klar for å sette fart.

- Eg skal ut med tilbodet via nett. Det er 60.000 gravide i Norge kvart år. Dei er i ein sårbar fase og eg ønskjer å tilby dei av yoga, fellesskap og støtte i denne perioden.  

Kramprud seier at å ta vare på mødrene og dermed barna som fødast er heilt fundamentalt. Det er framtida til menneska.

- Og eg kjenner at med hjelpa frå Protomore og NÆRINGSTEFT så er eg klar til å flytte ambisjonane til noko større og satse vidare.

Emil Sæther på bildet, Sandra Helen Pedersen og Amalie Valde Berge i Biorest vil bruke krabbeskal til dyrefor, og ser på NÆRINGSTEFT som nyttig påfyll av både kunnskap og nettverk på vegen mot å gjere ideen til forretning.

Verdifull kunnskap
Sandra Pedersen frå Skodje og Amalie Valde Berge frå Herøy er ein del av Biorest AS. Bedrifta starta som studentbedrift, kom på andreplass i NM for studentbedrifter og vann gullbillett til NÆRINGSTEFT . Biorest AS er starta av seks tidlegare studentar i marknadsføring og leiing og Biomarin innovasjon. No går dei vidare med å utnytte marint reststoff.

- Vi ser på krabbeskal frå taskekrabbe som no berre blir dumpa. Dette kan bli ein næringsrik ingrediens i dyrefor, som for eksempel hundemat.

Forskingsarbeid er i gang i samarbeid med Møreforsking, og no jaktar dei kompetanse, nettverk og vinnarmillionen i NÆRINGSTEFT .

- Vi er klare for kompetansereisa, og ser det som verdifullt å få vere med å få all denne kunnskapen så tidleg i utviklinga av bedrifta vår.

Nettopp nettverk og kunnskap er noko av det finalistane frå vårens runde av NÆRINGSTEFT la vekt på når dei fortalde om deltakinga. Anne Lise Chapman frå Allianse Seaweed fortalde mellom anna om kor viktig Næringsteft hadde vore for at dei kom i gang med å tenke på kundar og marknad. Jan Vidar Nalbant frå BagID tok fram det å treffe andre, dele innspel og tankar og vere kreative saman som nyttige opplevingar frå NÆRINGSTEFT.

- Du kjem ingen veg om du sit med ideen din åleine på guteromet. Og som gründer kan ein ofte føle seg åleine mot resten, men NÆRINGSTEFT snur dette opp ned. Du føler at det er mange som står saman med deg og hjelper deg til å løfte slik at det skal bli noko av ideen din.

Forrige rundes finalister i NÆRINGSTEFT delte sine erfaringer med årets søkere.

Å løfte seg heilt til topps 
100 bedrifter går no inn i reisa med NÆRINGSTEFT . I løpet av hausten skal 100 blir 50 og i desember blir 50 til ti. Mellom kvart steg er gründerane med på samlingar og får kunnskap og kontaktar. Nokre blir med heilt til topps, og andre må gi seg. Også i det verkelege livet. Øyvind Gryt Grimstad frå Grim&Gryt økobryggeri fortalde om dei som laga det som vart kåra til Norges beste øl og som likevel gjekk konkurs.

- Vi gjorde vårt ytterste, men det gjekk ikkje. Slik er livet. Men det var ekstremt lærerikt. Og verd det. Bittert og vemodig, men eg kan seie at «Eg prøvde».

Og nokre gongar lukkast det. Å løfte seg sjølv og ideen sin etter håret. Heilt til topps. Slik rope artisten Karoline Aamås avslutta NÆRINGSTEFT konferansen i Fosnavåg. Med å bokstaveleg tala løfte seg sjølv etter håret. Heilt til topps. Med hardt arbeid kan ein gjere det umulege muleg.

Rope artist Karoline Aamås viste at det umulege går an. Å løfte seg sjølv etter håret. Heilt til topps.

Sagt på NÆRINGSTEFT:

Stig Remøy, styreleiar Olympic Subsea ASA:

- I alle nedgangskonjunkturar kjem også mulegheiter.

Olav Sindre Kriken, gründer av Racer og Nett.no:

- Ein gründer må ha fire viktige eigenskapar: vere viljesterk, vere kreativ, vere omstillingsdyktig og vere fokusert.

Monika Hestad, gründer av Brand Valley:

- Du skal ikkje berre bygge bedrift, du skal også bygge ei merkevare.

Monika Hestad fra BrandValley snakket om merkevarebygging og innovasjon.

Stine Elisabeth Goksøyr, gründer av ko:ko:

- Om ikkje du tør ta risiko, er det vanskeleg å utvikle seg.

Geir Johan Bakke, konsernsjef Havyard Group ASA:

- Det er ikkje nødvendigvis dei beste produkta som vinn, det er dei produkta som blir kommersialisert og der ein lukkast med det.

Øyvind Gryt Grimstad, gründer av Grim&Gryt Økobryggeri:

- Ingenting sel seg av seg sjølv. Du må ha kundekontakt.

Kjell Are Furnes, gründer av Ably Medical AS:

- Test så fort som muleg. Go global. Kill your darlings. Analyser. Hire the best, hire slow, fire fast.

Hans Petter Hildre, instituttleiar NTNU:

- Det er lett å lage noko nytt, men så vanskeleg å lage noko nyttig. 

Stikkord

NÆRINGSTEFT

Flere artikler i kategorien Næringsliv