
Dette er Sparebanken Møre
Ein pådrivar for skaparglede
Sparebanken Møre er ikkje som alle andre bankar og vil heller ikkje vere det - eller bli det. Vårt samfunnsansvar er sterkt og rolla vår er å vere ein pådrivar for utvikling i regionen.
Sparebanken Møre har hatt ein sterk kundevekst dei siste åra og har godt over 100 000 privatkundar. Fire år på rad har Kundeservicesenteret i banken blitt kåra til Noregs beste i bankbransjen.
EPSI si måling av kundetilfredsheit i bankbransjen hausten 2021, syner at kundane er svært nøgde med Sparebanken Møre. I bedriftsmarknaden er banken heilt i toppen blant alle bankane i landet.
Er der kundane er
Banken har 140 autoriserte rådgjevarar på personmarknaden fordelt på heile 27 kontor på Nordvestlandet.
– Vår strategi er å ha mange kontor, og ha stor lokal deltaking, solid kompetanse i kontornettet og stort lokalt engasjement. Å vere til stades og å vere engasjert i lokalmiljøa som vi er ein del av, er svært viktig for oss. Og ikkje minst, – kvart år går halvparten av banken sitt overskot tilbake til lokalsamfunnet, seier Elisabeth Blomvik, leiar for Divisjon personmarknad i Sparebanken Møre.
Det er ufatteleg mange lag, organisasjonar, dugnadsgjengar og eldsjeler som har fått moglegheit til å realisere sine planar, lage turstiar og samlingsplassar i både by og bygd på grunn av utbyttemidlar frå banken.

Har delt ut millionar
Nyleg delte banken ut 1 million kroner til 20 unge talent innanfor kultur og idrett. Sidan TEFT-stipend vart delt ut første gong i 2007, har Sparebanken Møre delt ut nærare 13 million kroner til over 400 lokale talent.
– Mange av talenta har blitt store stjerner som Sigrid Raabe, Karsten Warholm, Sebastian Foss Solevåg, Synnøve Solemdal og Magnus Emaka Einang, konstaterer Ellen Cathrin Kvalsund. Ho er banksjef og leiar for kontora på Hareid og Ulsteinvik.
Pådrivar for skaparglede
Banken jobbar på mange område for å bidra til at Nordvestlandet skal vere ein attraktiv plass for utvikling og skaparkraft. Med blant anna Næringsteft, som er både ei kunnskapsreise og ein konkurranse for gründerar og nyskaparar med nærare 2,5 million kroner i årleg premiepott.
Hege Karete Hamre er leiar for avdeling Næringsliv Søre Sunnmøre. Ein av dei tinga som ho verdset mest med jobben sin, er å vere tett på bedriftene.
– Det er mange tusen små og store bedrifter her i vårt område, og vi møter heile tida nye folk som imponerer. Sjølv i tøffe tider som under pandemien fann flinke folk grobotn for innovasjon og nytenking. Å vere tett på næringslivet her er veldig spanande, fortel Hege.
Tilgjengeleg og tett på
– Det store samfunnsengasjementet betyr stadig meir for nye og eksisterande kundar, men ikkje alt. Den totale kundeopplevinga vi som bank klarer å skape, er det aller viktigaste for å få tilfredse kundar. Undersøkingar vi har gjort viser at tilgjengelegheit, kvalitet i rådgivinga og rask respons både personleg og digitalt, er viktig for den totale tilfredsheita, fortel Elisabeth Blomvik, som meiner at nettopp dette er bankens store styrke.

Fleire kontor
Ein del bankar har dei siste åra valt å legge ned bankkontor, fjerne den personlege rådgjevaren, og tilbyr i all hovudsak digital kontakt.
– Den trenden ønsker ikkje vi å vere med på. Sparebanken Møre har tvert imot valt å satse med nye kontor fleire stader, og har økt ressursane på fleire lokale kontor, fortel Mette Ryste, leiar for kontora i Ørsta og Volda.
– Vi har også eit sterkt spesialistmiljø nært oss som vi kan lene oss på om vi treng det, seier Mette.
Dei store hendingane
Også Sparebanken Møre sine kundar ønskjer å bruke digitale løysningar til dei daglege banktenestene, men dei fleste meiner at dei digitale løysningane aldri kan erstatte den personlege kontakta og personlege rådgjevinga.
– Når dei store hendingane i livet står for tur, skal det vere trygt og enkelt å snakke med ein rådgjevar som kan svare på alle spørsmål. Skal ein til dømes i gang med ei bodrunde på bustad, kan det vere trygt å ha nokon å sparre med. I desse dagar aukar også rentene, og det er det mange unge som ikkje har erfaring med frå tidlegare. Våre rådgivarar har lang erfaring, og kan også kan ta opp problemstillingar som du sjølv ikkje tenker på i slike fasar av livet, meiner Elisabeth.

Gode digitale løysingar
Digitale tenester i bank er litt som «mjølk og brød» i ein daglegvarebutikk. Dei digitale varene må vere på plass som ein del av den totale kundeopplevinga. Difor brukar Sparebanken Møre også mykje tid og ressursar på å utvikle brukarvenlege og effektive digitale verktøy for kundane sine.
Lån og tastetrykk
– Vi gjer stadig små og store justeringar på dei digitale tenestene for å kunne levere det kundane våre ventar av oss – og helst litt til. I dag kan kundane våre raskt og enkelt søke om nye bustadlån frå mobilen heime i eigen sofa, fortel Ellen.
Let seg ikkje kopiere
Digitale tenester kan vere lette å kopiere og utviklinga går difor raskt. Dei fire bankfolka er samde om at det er meir krevjande å kopiere dei gode kundeopplevingane og relasjonane rådgjevarane i Sparebanken Møre har til kundane sine.
Godt blir enno betre
– Godt bankhandverk blir enno betre når du er tett på og kjenner kunden, og kunden kjenner oss. Så lenge vi er konkurransedyktige på tenester, pris og digitale tenester, meiner vi at lokalkunnskap gjev oss eit stort og sterkt konkurransefortrinn og bidreg til enno betre rådgjeving til kundane våre.

Her kan du lese meir om å bli kunde i Sparebanken Møre.
Her finner du oversikt over banken sine kontor og tilsette.
Ta gjerne kontakt for ein uforpliktande prat.