Gå til sbm.no
Svanhild Bjåstad får hjelp frå dei tilsette på buavdelinga til å ta imot samtalen på nettbrettet, slik at barnebarnet Sven Egil kan få vise fram kosedyret sitt. Foto: Torill Myren.

Nettbrett til eldre

Familieglede via skjerm

Det renn inn med tilbakemeldingar og vi har fått sjå kor mykje tildelinga av nettbrett til sjukeheimane betyr for bebuarar og pårørande. Vi har snakka med Laila, som no endeleg får sjå mor si att. Laila bur på Hareid, der initativet til utdeling av nettbrett starta.

-Ja, eg får no sjå folk no, seier Svanhild Bjåstad frå skjermen. Svanhild er på buavdeling på sjukeheimen på Hareid. Dottera Laila og barnebarna Rakel og Sven Egil er berre eit par kilometer unna, men koronapandemien held både dei og andre pårørande vekke frå sjukeheimen. No held dei kontakt via nettbrett. Når dottera spør om det er betre med nettbrett enn telefon, er ikkje Svanhild i tvil. Det gir så mykje meir å sjå kvarandre enn å berre høyre kvarandre, seier Svanhild. 

Laila Bjåstad fortel at Svanhild var ganske nyinnflytta på buavdelinga og at Laila var på besøk nesten kvar dag før koronaepidemien.- Det var så fortvilande å plutseleg ikkje få vere der. Telefon er sjølvsagt ei løysing, men no får vi sjå kvarandre. Ho ser borna og kva dei gjer, og eg får sjå at ho har det bra og er «sitt vante sjølv». 


Sven Egil Bjåstad og Rakel Bjåstad er sjarmtroll på skjerm for mormor Svanhild. Saman med mamma Laila Bjåstad får dei treffe mormor og både vise kva dei styrer med og sjå korleis ho har det. Bilde: Torill Myren.

Stor forskjell med nettbrett

Toril Overå, leiar i pårørandeforeininga i Hareid kommune, fortel det same. - Pårørande seier det er fantastisk å få sjå att sine via nettbrett. Du får sjå med eigne auge korleis dei har det og om det er noko. Nettbretta var verkeleg ei gave «frå oven» og har gjort stor forskjell, seier Toril.   

Sparebanken Møre har gitt til saman 250 nettbrett til sjukeheimar og heildøgnbemanna omsorgsbustader i kommunar der banken har kontor. Det heile starta på Hareid. Her var dei allereie i gong med å tenke bruk av nettbrett som ein del av omsorgsarbeidet. Sjukepleiar og leiar for innkjøp og logistikk, Gunn Marthe Pieroth, la merke til eit prosjekt i Sogn og Fjordane der bankane støtta innkjøp av nettbrett. Derifrå var vegen kort til Sparebanken Møre. Banksjef på Hareid, Melinda Skeide, forstod straks at dette var noko dei ville vere med på. No får dei mange og gode tilbakemeldingar. - Både brukarar og familiar er veldig takknemlege. Det er mange som ikkje får ha kontakt med kvarandre no og kan kjenne på eit sakn. Nettbretta er difor ei verdifull gåve for mange, seier Melinda. 

Det same gjeld rundt i dei andre kommunane der banken har gitt nettbrett. Det er svært mange tilbakemeldingar og rørande historier  frå brukarar og pårørande som fortel om stor glede frå ein liten skjerm. 


Banksjef i Sparebanken Møre på Hareid, Melinda Skeide, får dagleg gode tilbakemeldingar etter tildelinga av nettbrett i kommuna.

Naturleg del av framtidas teneste

Sparebanken Møre tok kontakt med Arena for læring om velferdsteknologi i Møre og Romsdal (ALV) og Utviklingssenteret for sykehjem og hjemmetjenester i Møre og Romsdal (USHT) for samarbeid om utrulling av nettbretta og innsamling av erfaringar i etterkant. ALV er ein læringsarena for velferdsteknologi i eit partnarskap mellom NTNU i Ålesund og femten kommunar.

- Det tok ikkje lang tid frå den første førespurnaden kom, til den neste, og neste. Det var tydeleg at behovet var stort, og vi tok raskt kontakt med ALV og USHT for å få med oss partnerar som kunne foreta ei behovskartlegging, bistå med opplæring og kvalitetssikring av bruken av nettbretta. Deira kompetanse og innsats har vore heilt avgjerande, fortel fagsjef Linda Rafteseth Grimstad i Sparebanken Møre som har hovudansvaret for å koordinere tildelinga. 

Alt i 2013 starta USHT i samarbeid med NTNU og ALV utprøving av videokommunikasjon i sjukeheimar. Erfaringane var svært positive og er samla i fagartikkelen «Du har på en måte hatt besøk, vet du»

Dagleg leiar i ALV Møre og Romdal, Cecilie Campbell, fortel at det er mange avklaringar som må gjerast når det gjeld bruk av bretta. Det er spørsmål om det praktiske, korleis dei skal brukast, etikken i bruken, kven som skal bruke dei, om det er eit gode for pasientar og familiar eller om det kan verke forstyrrande og så vidare. Dette blir tatt vidare inn i eit forskingsprosjekt i samarbeid med Møreforskning, USHT, ALV og Ålesund kommune.

-Målet er å hindre isolasjon og einsemd. Då må vi finne ut kva som er «best practice» slik at vi kan få betre kvalitet på tenestene på lang sikt. No er krisa ei drivkraft til å sette i gang bruken av eit nytt system, og vi har opplevd ein dominoeffekt der alle, frå tilsette til pasient og pårørande, ser nytten. Så må vi ta erfaringa med oss slik at dette blir ein naturleg del av tenestene i framtida.

Campbell seier kontakt via nettbrett kan vere eit viktig supplement også når koronapandemien er over. For eksempel kan folk som bur langt frå sine kjære eller som er på reise få bruke digitale løysingar for å halde kontakten med sine.

 

Rakel gir Mormor ein klem via skjermen. Foto: Toril Myren.

Skjermklem

Heime hos Laila gir Rakel mormor ein klem via skjermen og Sven Egil viser fram kosedyret sitt. Laila fortel at mamma Svanhild hadde gledestårer i augo då ho såg dei første gong på nettbrettet. - Det har vore så godt for både henne og oss. No er det snart sju veker sidan besøksforbodet. Det er vanskeleg, men det hadde vore verre utan den kontakta vi no kan ha via skjerm, seier Laila. 

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement