Gå til sbm.no
Frå v: Martinus Larsen, Elias-Johan Liavaag, Hans-Peter Breuning, Roy-André Øvrelid, Henning Svoren og Terje Erstad. Kristine Fjørtoft

Musikkprisen 2020

Fortsatt Kontrollert Kaos

Etter fem heile dagar i studio er Roy-André Øvrelid og resten av Hip-Hop bandet Kontrollert Kaos klar med fundamentet til det nye albumet. Det har gått eit år sidan dei vann Musikkprisen 2019 med låten "Kvar vår vei". No har dei ni nyinnspelte låtar som ventar på siste finish.

"Det har vore viktig for oss å behalde det ekte i uttrykket vårt. Det er ein fin balanse mellom hardt og politisk, melodiøst og personleg," fortel Øvrelid, som meiner dei har fått gode innspel til utvikling undervegs. "Etablerte fans vil kanskje merke eit nytt preg på sounden vår. Men det er fortsatt Kontrollert Kaos, og vi håper og trur vi vil nå ut til både gamle og nye øyrer."

Musikkprisen er ein nasjonal musikkonkurranse i samarbeid mellom Ocean Sound Recordings, Momentium, Sparebanken Møre og Sunnmørsposten. Vinnaren får både spele inn album hos Ocean Sound Recordings og opptre for eit større publikum i Noreg – i år er dette avhengig av kva som blir tillate framover. Sidan oppstarten har Musikkprisen vore ein konkurranse for band og artistar tilknytt Møre og Romsdal, men frå 2016 har deltakarane kome frå heile landet.

 "Responsen og anerkjenninga gjer at artistane får ny tru på seg sjølv og det dei held på med." - Terje Erstad, dagleg leiar Ocean Sound Recordings.

"Vi ser at artistane får ein ny giv gjennom konkurransen og når dei tar i bruk premiane", seier Terje Erstad, dagleg leiar i Ocean Sound Recordings og ein av dei som følgjer opp vinnaren. "Du blir eksponert for eit publikum som heiar deg fram. Responsen og anerkjenninga gjer at artistane får ny tru på seg sjølv og det dei held på med. Klart det gjer noko med den kreative prosessen og vidare utvikling!", seier den entusiastiske studioleiaren. 

Bjørn-Tore Øvrelid og Tore Lillerovde på jobb i Ocean Sound Recordings studio på Giske. Foto: Roy-André Øvrelid

40 nye talent

Ved påmeldingsfristen hadde 40 artistar og band meldt seg på konkurransen og sendt inn ein eigenkomponert låt. Fram til og med søndag 7. juni kan publikum vere med å stemme fram sin favoritt. I tillegg vil dei sju medlemmane i juryen velje ut sine tre favorittar og rangere desse. Juryen er sett saman av fagpersonar frå musikkbransjen i Noreg og representantar frå samarbeidspartnarane. 

"Eg likar å utforske ny musikk, spesielt norsk musikk», fortel jurymedlem Espen Sørland Bjørge frå Sparebanken Møre. «Det er ikkje lett å setje fingeren på kva det er, men norsk tekst og produksjon gjer musikken lettare å relatere seg til», seier Bjørge, som er glad for å få vere med på å gi nye band og artistar ein sjanse.

Måndag 8. juni blir dei 3 finalistane annonsert på musikkprisen.no. Då kan publikum stemme på sin finalefavoritt fram til torsdag 18. juni. Vinnaren kårast via streaming. Tid og stad blir oppgitt på musikkprisen.no.

 

Stem på din favoritt

Di stemme kan vere avgjerende for at din favoritt vinn Musikkprisen 2020. Publikumsstemmene og jurystemmene tel 50 % kvar. Du kan stemme på så mange låtar du vil, men du kan berre gi ei stemme per låt i døgnet.

Her kan du stemme på Musikkprisen 2020

Desse har vunne musikkprisen tidlegare: Dina Misund, Musth, Mikhael Paskalev, Highasakite, Man Get Out, Padawan, Ine Hoem, Amanda Tennfjord, Cashmere Factory, Revolt og Kontrollert Kaos.

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement