Gå til sbm.no
Dungadsgjeng framfor gapahuk ved Rotarystien, Hareid. Det har gått med tusenvis av dugnadstimar for å reise gapahukane. Foto: Hareid Rotary

Ein blir til to

Med god dugnadsånd

To gapahukar gir Hareid og det populære turområdet langs Hareidselva eit skikkeleg løft. Der Hareid Rotaryklubb planlagde for ein gapahuk, har dei no sett opp to. Eit særs vellykka prosjektet.

Då Sparebanken Møre feira 175 år i 2018, delte banken ut jubileumsgåver på 175 000 kroner til 24 prosjekt i Møre og Romsdal. Målsettinga var at gåvene skulle gi meir trivsel, utvikling og vekst i regionen.

På Hareid var det gapahuk-prosjektet til Hareid Rotaryklubb som fekk tildelinga. Med dugnadshjelp nådde midlane til to gapahukar som vart bygde langs den mykje brukte Rotarystien.

Jubel for jubileumsgåve

– Dette må vere eit av dei mest vellykka frilufts-prosjekta i Hareid. Det bidreg til trivsel og betyr så mykje for alle som bur her og alle brukarane av naturstien. Eg kan ikkje få fullrost Sparebanken Møre, som verkeleg bidreg i lokalsamfunna. Eg er så imponert at no er også eg kunde i Sparebanken Møre, seier Rotary-presidenten Oskar Grimstad med eit stort smil.

Den seks km lange naturstien som Rotary står bak, har blitt eit populært rekreasjonsområde ikkje berre for folk frå Hareid, men også for turgåarar frå nabokommunane.

– Dei to gapahukane har gjort Rotarystien endå meir populær, og endå fleire ferdast no langs stien, fortel ein entusiastisk Oskar Grimstad.  

Supert område 

Rotarystien går langs Hareidselva, frå elveosen ved sjøen på Indre Hareid og til bilvegen i Kaldholen. Ein kan gå, jogge eller sykle på den gruslagte stien, fiske både laks og aure i elva og grille, brenne bål eller berre  slappe av under tak i dei to nye gapahukane.

Oskar Grimstad (i midten) gler seg over at Rotarystien no vert endå meir populær. Foto: Hareid Rotary

Folkefest 

Oskar Grimstad overtok Rotary-roret etter ein av dei største Hareids-patriotane av alle, Bjørn Teigene. Teigene sette seg som mål å få bygt og opna to gapahukar langs Rotarystien medan han var president, og det fekk han til.

Presidentskiftet skjedde samstundes med gapahukopninga i sommar, som blei ein stor folkefest.

Ein betre stad 

I tillegg til den rause gåva frå Sparebanken Møre,  har mange stilt på dugnad for å gjere ein innsats for fellesskapen. Det har gått med tusenvis av dugnadstimar for å reise gapahukane.

– Dette er slikt som gagnar samfunnet vårt. Takk til alle som legg ned eit stort arbeid for at Hareid skal bli ein endå betre stad, sa kommunaldirektør Ragnhild Velsvik Berge då ho takka Hareid Rotaryklubb under opninga av gapahukane.

Banksjef Melinda Skeide rosar dugnadsånda og er glad for å støtte eit slikt positivt prosjekt.

Her vi høyrer til

Ein anna som er mektig imponert over den store felles innsatsen for å få på plass gapahukane, er banksjef Melinda Skeide i Sparebanken Møre Hareid. Ho synest det er heilt supert å sjå at bankens bidrag kan glede så mange og kome så godt til nytte.

- Mange av gåvene som blei delte ut, gjekk til prosjekt for fellesskapen som turområde, parkar for idrett – og gapahukar. I Sparebanken Møre ønskjer vi å bidra til trivsel, vekst, utvikling i lokalsamfunna i regionen vår – for det er jo her vi høyrer til, seier Skeide.

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement