Gå til sbm.no

Refleks er ferskvare

Tid for refleks

Visste du at ein gammal refleks ikkje er like trygg som ein ny? 50 000 skuleborn i fylket får no «ferske» refleksar, for ein ny sesong langs mørke vegar.

I desse dagar sender Sparebanken Møre ut refleks til skular i Møre og Romsdal. Ein refleks varer nemlig ikkje evig. Vask, sollys, oppstriping og anna slitasje gjer at dei mister effekt etter ei tid. Og sjølv om gamle refleksar fint kan vare i fleire år, er det likevel lurt å bytte dei ut med jamne mellomrom. 

– Vi sender ut nye refleksar fordi vi vil at alle born skal bruke refleks, og at dei skal lyse best mogeleg i mørket, seier Hanne Risnes Alvestad, banksjef i Sparebanken Møre på Digernes.


Refleks verkar
Over 1,7 millionar nordmenn har opplevd nestenulykker på grunn av manglande refleksbruk.

– Vi veit at refleks fungerer. Likevel er det altfor mange som ikkje nyttar dei. For å seie det litt enkelt: Brukar du refleks, så blir du ikkje påkøyrd, seier Per Gjerde frå Trygg Trafikk i Møre og Romsdal.


Blir lettare å bruke
Sparebanken Møre har difor i fleire år sendt ut refleks i ulike fasongar til skular over heile fylket.

– Vi veit at refleks reddar liv i den mørke årstida, difor ser vi det som ein viktig del av vårt samfunnsansvar å dele ut dette enkle middelet i rikt monn. Når alle elevane ved borne-, ungdoms- og vidaregåande skular får refleksane sine samstundes, trur vi også at det er større sjanse for at mange vil bruke dei, seier Alvestad. Ho fortel at dei også har støtta utdeling av refleksvestar til svært mange førsteklassingar i fylket i samarbeid med fylkeskommunen og Politiet.


Ikkje berre for born
Ifølge Trygg Trafikk nyttar berre 4 av 10 vaksne refleks. Alvestad rettar difor ei lita påminning til oss vaksne.

– Ofte tenker vi mest på at borna skal få og bruke refleks. Men vi må ikkje gløyme å bruke dei sjølv, understrekar ho.

Banksjef Hanne Risnes Alvestad oppmodar også vaksne til å bruke refleks. Kom gjerne innom eit Sparebanken Møre kontor, så får du ein ny refleks.

Et lite band som reddar liv
Gjerde er svært glad for at Sparebanken Møre også i år deler ut nye refleksar til born og ungdom.

– Å sende ut refleksband vil sannsynligvis redde liv i mørketida, og vi rettar ei stor takk til Sparebanken Møre for at dei gjer dette. I løpet av ein sesong vert mange refleksar øydelagde, gløymde eller mista. Vi veit også at dei blir svakare med tida, og at det difor er lurt å bytte ut godt brukte refleksar med nye. Likevel: Det aller viktigaste er å faktisk BRUKE refleksen – og sjølv ein gammal refleks er betre enn ingen refleks, seier Gjerde. 

Visste du at: Utan refleks er du synleg først på 25-30 meters hald, men med refleks er du synleg allereie på 140 meters hald når bilen nyttar nærlys. Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på heile 400 meters avstand.

Sekunda tel 
Går du utan refleks vil ein bilist i 50 km/t berre ha 2 sekund på å sjå deg. Nyttar du refleks har bilisten derimot 10 sekund på å reagere.

Fest gjerne refleksen på sekken du bruker til skole eller trening, så har du alltid med minst en refleks.

Reflekstips:

  • Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.
  • Refleks er forbruksvare som blir slitne over tid. Bytt ut gamle refleksar!
  • Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå begge kantar.
  • Refleksen er mest synleg når den bevegar seg. Fest refleks på armar og bein.
  • Hengerefleks bør henge i knehøgde for best mogeleg effekt.
  • Legg refleksane i lomma på jakkene du brukar, så slepp du å hugse på å ta den med når du går ut.


Slik sjekkar du refleksen din

  • Heng opp både ein gamal refleks og ein ny refleks i eit mørkt rom.
  • Hold ei lommelykt opp i augehøgde og lys rett på refleksane, frå minst fire meters avstand.
  • Dersom den gamle refleksen vises mykje dårligare enn den nye, bør du kaste han.

 

Ifølge Årim er det foreløpig ikkje mogeleg å resirkulere refleks, og dei gamle skal difor kastast i restavfallet.

Kilde: Trygg Trafikk Møre og Romsdal

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement