Gå til sbm.no
Kaare Wiik og Vibeke Sjåstad Sand, begge assisterande banksjefar i næringslivsavdelinga Eiendom i Sparebanken Møre.

Miljøvenlege løysingar:

Grøne lån til næringslivet

Sparebanken Møre ynskjer å vere ein pådrivar for berekraftig utvikling på Nordvestlandet, og bidra til at kundar oppnår eit redusert miljøavtrykk. Som eit ledd i denne strategien lanserer banken grøne lån til næringslivet.

– Dette er vi stolte av å endeleg kunne tilby. Vi ynskjer å vere ein sparringspartnar for næringslivskundane våre, spele på lag, og saman byggje ein berekraftig region, seier Kaare Wiik. Med seg har han Vibeke Sjåstad Sand, begge assisterande banksjefar i næringslivsavdelinga Eiendom i Sparebanken Møre, og med ansvar for kvalifisering av grønt næringsbygglån.

– Vi kallar det næringsbygglån, og det gjeld lån til alle typar brukareigedomar tilknytt bedrifta. Også til maritim næring, så lenge bygga er energieffektive og på fastland, fortel Vibeke engasjert. Ho forklarar vidare at eigedom, bygg og anlegg faktisk står for over 40 prosent av utsleppa på verdsbasis, og at det er derfor banken vel å starte med denne bransjen, for å kunne bidra mest til ein grønare kvardag.

– Og vi har gjort det enkelt, med tydelege og oppnåelege søknadskriterier, stadfestar Sand. Kanskje må bedriftene ha rådgjeving til sertifisering og kva energitiltak som høver best for sitt bygg, men lånesøknaden skal ein kunne gjennomføre sjølv. 

Samarbeid med Multiconsult
For å kunne tilby dette, har Sparebanken Møre samarbeida tett med seniorkonsulent, Stig Jarstein, i  ingeniør – og arkitekturselskapet Multiconsult. Jarstein har vore banken sin guide i utviklinga av ein lett forståeleg modell, som skal gi grønt lån til bedrifter med fire ulike formål; nybygg, rehabilitering, enkle energitiltak, og til bygg som allereie er energieffektive. 

Her kan du lese meir om grøne næringsbygglån.

– Ja, vi har tilpassa dei internasjonale energikriteria til norske forhold, og saman med Sparebanken Møre kome fram til desse fire metodane for å bidra til energieffektive bygg. Dette gir eit godt grunnlag for banken til enkelt å kunne rådgje kundane sine til miljøriktige val og gunstige miljølån, seier Stig Jarstein i ein kommentar. 

Sparebanken Møre har samarbeida med ingeniør og arkitekturselskapet Multiconsult, med tilrettelegginga av grøne næringsbygglån.

Energieffektive tiltak
Han meiner kvart enkelt bygg har sine eigne forutsetningar på kva som er dei mest lønsame og energieffektive tiltaka, men at det som gjerne har størst effekt er tilpassing av ventilasjonsanlegget, etterisolering, skifting av dører og vinduer, installasjon av varmepumpe og solcelleanlegg.

– Samtidig må vi poengtere at denne type lån ikkje berre vil gi ei meir lønnsam bedrift, men at det også er positivt for innemiljøet, verdien på bygget, redusert risiko, samfunnsansvar, og ikkje minst at ein blir meir attraktiv for aktuelle leigetakarar, skyt Kaare inn.

Vibeke kunne ikkje vore meir einig. – Dette er viktig. Når ein har investert i eit grønt bygg og får gode leigetakarar, vil dette gi økt verdi og betre attraktivitet, som igjen gjer bedrifta betre rusta og konkurransedyktig i marknaden.

Berekraftsportalen
Sparebanken Møre ynskjer at du som kunde enkelt skal kunne ta val som er bra for miljøet og  bedrifta di. Grønt næringsbygglån er eit av mange verktøy i rett retning mot redusert klimaavtrykk og ein meir berekraftig kvardag. Men det er ein jungel av informasjon der ute om korleis best bli ei miljøbasert bedrift, og det er ikkje alltid like enkelt å vite kvar ein skal starte. Kaare Wiik anbefaler derfor dei som er interesserte i meir informasjon til å besøke Berekraftsportalen på nettstaden til Sparebanken Møre. Her gir banken ei enkel oversikt over kva miljøtiltak som er anbefalt av ekspertane alt etter kva bransje ein opererer i. Dette vil vere ein god stad å starte. 

– Målsetninga til Sparebanken Møre er å ha ein tett dialog med kundane og anbefale dei til å gjere lønsame og miljøbevisste val for sine eigedomar, anten det er eksisterande bygg eller ein går med planar om nye bygg, avsluttar Vibeke, og oppfordrar deg som er interessert i å høyre meir om grøne lån og deira vilkår om å ta kontakt for ein prat.


Vil du vite meir om grøne lån til næringsbygg? Ta kontakt for ein uforpliktande prat.

Flere artikler i kategorien Næringsliv