Gå til sbm.no
Kvinne står foran steinvegg, ser i kamera og smiler. Hege Karete Hamre, banksjef for Næringsliv på Søre Sunnmøre, fortel om ein næringssterk region med yrande kreativitet. FOTO: Tony Hall

Søre Sunnmøre:

Naturen og næringslivet går hand i hand

46 000 menneske bur i dei sju kommunane som utgjer Søre Sunnmøre. Hausten 2020 var det registrert over 3000 aksjeselskap her. – Det er ikkje tvil om at vi er ein næringssterk region, understreker Hege Karete Hamre.

Hege tok over stillinga som banksjef for Næringsliv på Søre Sunnmøre sommaren 2019, men nokon nybegynnar er ho ikkje. 52 åringen har hatt fleire sentrale roller i næringslivet i regionen.

– Eg har sete på andre sida av bordet og handtert både lite og mykje pengar. Gjennom ei rekkje styreverv og ulike leiarstillingar har eg god kjennskap til kva bedriftene må handtere av stort og smått, og kjenner dynamikken i næringslivet godt.

Internasjonalt nedslagsfelt
Naturen og landskapet speglar i stor grad næringslivet i regionen. Hege fortel om den maritime klynga som har vakse fram gjennom generasjonar, og som utgjer ein heilt sentral del av verdiskapinga i fylket.

– Vi har storhavet rett på, djupe fjordar og alpelandskap. Her bur og verkar vi. Naturen har gitt oss nokre utfordringar, men også store ressursar, seier Hege.

  – I generasjonar har det vore dyrka og hausta. Kompetansen som er bygd opp gjennom utdanning, erfaring og samarbeid har skapt ein maritim klynge med internasjonalt renommé, og slik brakt verda til bygdene våre. Det som ein bransje tek med heim, har ein annan lært av og overført til sin bransje ­– og også skapt nye.

Offentlege arbeidsplassar
Næringslivet i regionen er også prega av den sterke posisjonen Volda har som «skulestaden» – med vidaregåande skule, høgskule, og ikkje minst sjukehuset. 

– Slik utfyller Volda resten av regionen med offentlege arbeidsplassar. Her blir mellom anna framtida sine lærarar, sosionomar og mediefolk utdanna. Volda sin sterke posisjon med offentlege etatar gjer at kjøpekrafta til dei tilsette er rimeleg føreseieleg, uavhengig av konjunkturar og kriser, forklarar Hege. 

Pandemien slår ulikt ut
Sunnmøringen er van med å handtere store svingingar i marknadstilhøva. Denne erfaringa og lærdomen kjem godt med når Covid-19 råka så uventa og brutalt.   

– Driftsmessig så er nok alle påverka i ein eller annan grad av pandemien. Det er også viktig å skilje mellom dei som er direkte ramma, som har måtte stenge ned, og dei som sleit frå før – dei som har fått Covid-19 som ennå ei tung bør å bære.

  ­– Fleire bedrifter og næringar har vore i tung omstilling lenge, og har hatt større tæring over tid på både kapital og folk. Dei vil ha det tyngre med å kome seg ut av situasjonen vi står i no, meiner ho.

Hege Karete og resten av teamet på Søre Sunnmøre ser ein yrande kreativitet og "stayerevne" blant næringslivet i regionen. FOTO: Tony Hall

Yrande kreativitet og «stayerevne»
Så er det også i følgje Hege, noko eige med bedriftene og folka frå den vêrbitne regionen på Nordvestlandet.

– Vi veit at «stayeren» bur i oss. Vi har stått av stormen før, og gjer det denne gongen også. Det kan virke som om mange hadde mykje halvtenkt i bagasjen som har blitt plukka fram, snudd og vend, tilpassa og testa i denne perioden. Det er yrande kreativitet, samtidig som ein bit tennene saman og står opp tidleg kvar dag for å levere etter kunden sitt behov og skape nye forretningar. 

I ei kvar krise finnast det moglegheiter
Hege fortel vidare at fokuset blant selskapa no, nettopp er retta mot å skaffe nye kundar, skape nye marknadar og nye produkt. I tillegg gjer bedriftene eit stort arbeid med å kutte kostnadar. Dei som klarer å gjere begge deler, kjem godt ut.

  ­– Det kan verke som at dei som har hatt eit einsidig kostnadsfokus har ein lengre veg å gå enn dei som raskt snudde fokus i retninga av å utvikle forretninga si – samtidig som dei held kontroll på kostnadane, meiner Hege.

Vel å vere optimist
Dei fleste bedrifter opplever både oppturar og nedturar. Som lokalbank kjenner Sparebanken Møre kunden, forretninga, folka og marknaden godt. 

– For oss er det viktig å vere ein god rådgjevar i gode tider men også helst vere med på å gjere nedturane mindre smertefulle. Vi er heldige og har mange kundar som er lojale, nettopp fordi vi er med dei som i eit langt ekteskap; i gode og mindre gode dagar, smiler Hege.  

– Vi vel å vere optimistar på vegne av regionen og næringslivet. Vi skal jobbe for skaparglede, kvar dag. Det forpliktar.

Varige, grøne endringar
Ein viktig og heilt sentral del i omstillinga for næringslivet i regionen, er berekraft.

– Næringslivet må skape ein kultur for å tenke miljø, samfunnsansvar og selskapsstyring. Vi må ha med alle dimensjonar når vi snakkar berekraftig økonomi, understrekar Hege.

  ­– Dei tre dimensjonane vil verte meir og meir brukt for å evaluere verksemdene, og for å sei noko om kva ein antek vil vere deira finansielle resultat i framtida. Berekraft er ikkje noko vi held på med i årsrapportar, men det er noko vi må jobbe med kvar dag, over tid, legg ho til.

Gründerskap i nye sektorar
I desse dagar går Sparebanken Møre si kunnskapsreise og konkurranse, Næringsteft, av stabelen. Her får deltakarane hjelp til å utvikle sin forretningsidé. 

– Vi har fleire semifinalistar frå Søre Sunnmøre med svært stort mangfald av forretningsidear. Alt frå utvikling av brettspel for den internasjonale marknaden, til berekraftige løysingar for eksisterande næringar.

­– Nordvestlandet er ein maritim og marin region som er kjent for bedrifter som går føre i innovasjon. Det er kjekt å registrere at det også frå vår region melder seg på gründerar frå heilt andre sektorar. Det er eit teikn på at gründerskap er smittsamt, avsluttar Hege. 

Flere artikler i kategorien Næringsliv