Gå til sbm.no
Banksjef Hege Karete Hamre i Sparebanken Møre oppmodar alle som vil satse på sin forretningside til å søke NÆRINGSTEFT. Foto: Marius Beck Dahle Foto: Marius Beck Dahle

Ny runde med NÆRINGSTEFT

Søker deltakarar til million-stipend

For tredje gong kan lokale gründerar bli med på nyskapingsstipendet NÆRINGSTEFT frå Sparebanken Møre. Sjølv om premien er på heile éin million kroner, handlar dette om meir enn berre pengar.

– Gjennom å løfte fram skaparglede og talent ønskjer vi å vere med på å styrke næringslivet på Sunnmøre. NÆRINGSTEFT gir lokale oppstartsbedrifter ekstra gode mogeligheiter til å utvikle seg, som på sikt kan bidra til å skape nye arbeidsplasser, fortel Hege Karete Hamre, banksjef for næringsliv Søre Sunnmøre, i Sparebanken Møre.

Unik muligheit
NÆRINGSTEFT er for enkeltpersonar, små eller mellomstore bedrifter med tilknyting til Nordvestlandet. Ein god forretningsidé må vere på plass – og hovudpremien på éin million kroner må utgjere ein forskjell. Søknadsfristen er 10. september.

– Det er flotte pengepremiar til finalistane. Men vel så viktig er premien vi gir alle søkarane i form av ei unik mogeligheit for å få faglig påfyll frå svært kompetente miljø og personar. Målet er å gi mest mogeleg kompetanse til flest mogeleg. Det er fordi vi veit kor viktig det er å få god drahjelp når ein er i startgropa. Vi vil difor oppmode ALLE som vil satse på sin forretningsidé til å søke, seier Hamre.

Gründer Martin Jung Leine i Flowtru kom på andreplass i finalen i 2019, og hadde stort utbytte av heile NÆRINGSTEFT reisa.

Handlar om meir enn pengar
Gründer Martin Jung Leine i Flowtru AS frå Herøy kom på andreplass finalen i fjor, og kunne dermed ta med seg 200 000 kroner heim. Han understrekar at NÆRINGSTEFT likevel ikkje berre handlar om å vinne pengar:

– Deltakinga har gitt oss masse erfaring, nyttige innspel og materiale. Vi fikk jobba fram enda tydelegere KVA Flowtru er og kva produkta våre gjer. Det har også gitt oss eit godt nettverk, positiv omtale i media, og enormt mange gode tilbakemeldingar og stor interesse frå lokalmiljø, vener og kjente, seier han, og legg til: – Ved å vere med fekk vi også bekrefta at idéen vår, og måten vi jobbar med han på, er god.

Fekk ein «flying start»  
Stø Technology AS frå Hareid kom også til finalen fjor. Gründer Arne O. Flø meiner at NÆRINGSTEFT er eit flott konsept og ein god arena som lyfter fram små gründerar. 

– Det kan vere krevjande å orientere seg og finne fram i dette landskapet som ny oppstartsbedrift. Gjennom NÆRINGSTEFT kom vi til eit dekka bord med både nettverk og mykje god kompetanse, og eg trur mange har fått ein «flying start» gjennom å delta, seier han.  

Gründer Arne O. Flø i Stø technology opplever at mange har god nytte av nettverket i NÆRINGSTEFT. Foto: Tone Molnes

Kompetansereise – no for endå fleire 
For det er ikkje bare pengane som skal lokke lokale gründerar til å melde seg på NÆRINGSTEFT. Nytt av året er at programmet er delt i to. Første del er tre samlingar som er opne for alle. Her får deltakarane konkrete verktøy, nyttig kunnskap og eit godt nettverk som skal hjelpe og inspirere dei til å satse vidare på idéen sin.

– På denne måten kan endå fleire vere med lenger og få hjelp til å utvikle idéen sin. Sjølve konkurransen startar ikkje før i del to, i januar. Då vert dei 15 mest lovande bedriftene plukket ut til semifinalen av ein jury. Dei får tilbod om tett oppfølgjing, og tilgong til eit stort mentorpanel frå våre spennande samarbeidspartnarar. Ikkje minst vil dei få høve til å bli betre kjent med kvarandre, og bidra til å utvikle kvarandre, seier Linda R. Grimstad, prosjektleiar for NÆRINGSTEFT i Sparebanken Møre.

Finalen vil gå av stabelen i mars under investorseminaret «Børs og Bacalao». Der skal dei tre finalistane presenterast, før vinnaren av NÆRINGSTEFT, og éin million kroner, vert kåra.

Kven kan søke?

  • Du som er – eller drøymer om å bli - gründer på Nordvestlandet

Her søker du NÆRINGSTEFT



FAKTA OM NÆRINGSTEFT

  • NÆRINGSTEFT er eit nyskapingsstipend frå Sparebanken Møre, etablert i 2017
    • AgriMare Bio frå Ålesund gjekk av med sigeren i første runde av NÆRINGSTEFT
    • RoadTech fra Tingvoll gjekk til topps i andre runde av NÆRINGSTEFT
  • Vert gjennomført for tredje gong i 2019/2020
  • Deltakarane får vere med på ei kompetansereise som skal bidra til å videreutvikle forreningsideen og utvide nettverket deira. Hovudvinnaren får éin million kroner til vidareutvikling av idéen, og dei to andre finalistene får kr 200.000. Semifinalistene får også mentortenester frå samarbeidspartnarane undervegs i løpet.
  • Målsettinga med NÆRINGSTEFT er å bidra til auka nyskaping og verdiskaping på Nordvestlandet og gi flest mogeleg av deltagarane ny kompetanse som dei kan dra nytte av i si satsing.
  • Samarbeidspartnere er NTNU TEFT-lab i Ålesund, kunnskapsparkene ÅKP, ProtoMore og Vindel, advokatfirmaet SANDS , forvaltnings- og rådgivingsselskapet Converto, konsulentselskapet MRB, det digitale kommunikasjonsbyrået Racer og investornettverket PIR. 

Flere artikler i kategorien Næringsliv