Gå til sbm.no
Mann står med PC under armen, ser mot kamera og smiler. - Landbruk er ei politisk styrt næring som er avhengig av at forbrukarane ynskjer norksprodusert mat, fortel assisterande banksjef Stig Tryggestad. FOTO: Tony Hall

Landbruk:

Stor etterspurnad etter norskprodusert mat

– Den viktigaste jobben for landbruket framover er å oppretthalde matproduksjonen samtidig som ein kuttar i klimautsleppa, meiner Stig Tryggestad.

Stig er assisterande banksjef for næringsliv, og leier bransjegruppa for landbruk. Han bur på Hellesylt og har jobba i Sparebanken Møre i 37 år, hovudsakleg med kontor på Hellesylt, Stranda og i Sykkylven. 

Bankens bransjegrupper spesialiserer seg på ulike næringar. Dette gir rådgivarane spisskompetanse om kvar enkelt bransje, noko som er svært nyttig for kundane.

  – Landbruket er kjenneteikna av mange små aktørar, spreidd utover fylket vårt, der dei fleste driv som enkeltpersonføretak. Vi har også mange samdrifter og fellesfjøs som er organisert som DA og AS, fortel Stig.

Blir færre og større
Eit viktig utviklingstrekk ved bransjen er at det blir stadig færre, men stadig større gardar. Dei som satsar på landbruk, kjøper eller leiger kvoter og areal frå naboar som trappar ned eller sluttar.

– Samdrift var populært for rundt 10 år sidan. Men på grunn av endringar av restriksjonar i kvotesystemet har dette gradvis blitt mindre attraktivt – og dei fleste vel no heller å satse åleine.

  – Samtidig ser vi at mange får utfordringar når det blir for lang avstand mellom driftsbygninga og der dei produserer deler av grovforet. Det påverkar effektiviteten og berekrafta i produksjonen, legg Stig til. 

Grøn utvikling
Det grøne skiftet og FNs berekraftsmål er viktig for alle bransjar. Ikkje minst for landbruket som står for store CO2-utslepp gjennom dyrehald. Raudt kjøt har også blitt stempla som ein miljøversting. 

– Å få ned CO2-utsleppa er den største utfordringa. Det blir derfor forska mykje på korleis ein kan gjødsle på ein meir miljøvennleg måte, og på å styrke samarbeidet mellom havbruk og landbruk. Her kan det utviklast produksjonsmåtar som gjer at ressursane blir utnytta på ein betre måte og samtidig reduserer utslepp, seier Stig.

Han legg til at dei aller fleste bønder har skog, og at skogbruk tel positivt i miljørekneskapen, sidan skogen bind CO2.

Støttar forsking for betre metodar
Kvar bonde kan bidra til mest mogleg til berekraftig drift. Det er allereie gode ordningar tilgjengeleg, mellom anna for å samle inn plast. 

– Samtidig er næringa avhengig av at vi finn gode felles løysningar for dei store utfordingane, som gjødsel og CO2-utslepp. Sparebanken Møre støttar derfor forsking på nye metodar for å utvikle innovative og meir berekraftig måtar å drive jordbruk på, understrekar Stig.

Det er stor etterspurnad etter norskproduserte matvarer. FOTO: Tone Molnes

Storfe dominerer
I Møre og Romsdal driv to tredjedelar av bøndene med storfe og mjølkeproduksjon. Det er også ein god del sau, mens produksjon av svin, frukt og grønt utgjer ein liten del av landbruket i banken sin portefølje. 

– Sjølv om bøndene blir stadig færre, blir dei som satsar større og meir effektive. Det gjer at produksjonen er stabil. Det vil alltid vere behov for både mjølk og kjøt, og vi treng lokalprodusert mat! Vi ser også at pandemien har medført større etterspurnad etter matvarer produsert av norske bønder.

Politisk styrt næring
Landbruksnæringa er ein relativt stabil bransje utan veldig store svingingar frå år til år. Det som i størst grad påverkar drifta er etterspurnad, klimaforhold og politikk.

 – Landbruk er ei politisk styrt næring som er avhengig av at forbrukarane ynskjer norskprodusert mat. Når det blir kutta i kvoter på grunn av lågare forbruk, får dette naturlegvis konsekvensar for dei som driv i landbruket. Grunna auka etterspurnad under pandemien, vart kvoten auka både i 2020 og for 2021.

Stig meiner derfor at importvernet, og særleg kanaliseringspolitikken er viktig for næringa.

– Det inneberer at ein produserer korn på Austlandet og satsar på grasproduksjon på Vestlandet. Slik blir areala utnytta på best mulig måte, forklarer Stig.

Møteplassar
Han fortel at banken også er opptatt av å skape møteplassar for næringa. 

 – Når det blir færre bønder blir det lengre mellom kvar produsent. Miljøet blir mindre, og vi ynskjer derfor å bidra til å skape gode arenaer og møteplasser. Det gjer det lettare å utveksle idear og nye metodar, trur han.

Hans beste tips til dei som driv landbruk i fylket er å få til gode samarbeidsordningar med nabobruk, for eksempel kjøp av felles maskiner, eller være avløyser for kvarandre.

Viktig for lokalsamfunna
Stig understreker også bøndene si sentrale rolle i lokalsamfunna. 

– Bøndene er viktig for å hindre attgroing og utvikle kulturlandskapet. Dette bidrar til å utvikle lokalsamfunna slik at dei også i framtida blir attraktive både for oss som bur her, men også for alle turistane som kjem hit. Vi er gjensidig avhengig av kvarandre for å utvikle gode lokalsamfunn.

Trur på landbruket i Norge
Det blir truleg ikkje auke i talet på bønder i tida framover, men Stig fortel at dei forventar relativt stabil produksjon. 

 – Denne bransjen er dessverre veldig prisgitt politiske avgjerder. Vi ser likevel at dei som klarer å tilpasse seg dei gjeldande retningslinjene klarer seg godt. Landbruket har eksistert i alle tider, og vi har god tro på at vi vil ha landbruk i Noreg, også i framtida. Derfor ynskjer vi å vere med på å utvikle bransjen, avsluttar Stig. 

Flere artikler i kategorien Næringsliv