Gå til sbm.no
En familie med to voksne og to barn står på en utsiktsplass.Anna og Jacek Literski (begge 38 år) har våga å tenke gjennom kva som kan gå gale i livet og korleis dei kan sikre seg økonomisk.

Personforsikring:

Det vi ikkje vil tenke på

Det vil helst gå godt. Kva skjer med økonomien din dersom det verste likevel skulle skje?

Anna og Jacek Literski (begge 38 år) har våga å tenke gjennom kva som kan gå gale i livet og korleis dei kan sikre seg økonomisk.

– Vi har levd nok til å vite at livet ikkje alltid går på skinner. Mange unge i Noreg trur dei er usårlege og vil ikkje tenke på at dei faktisk kan verte sjuke, seier Jacek.

Gjennom oppdrag for FN sine fredsbevarande styrkar lærte Jacek tidleg at liv og tryggleik ikkje kan takast for gitt. Han og kona vart også seinare råka at det verst tenkelege – det første barnet deira vart sjuk og døydde av kreft.

I dag lever dei eit aktivt liv saman med døtrene sine på åtte og ti år. Då dei i 2021 investerte i leilegheit på Valderøya, vart dei avhengige av begge sine inntekter. Prosessen med å finne gode forsikringar starta. 

Llivet går ikkje alltid på skinner. Mange unge trur dei er usårlege og vil ikkje tenke på at dei faktisk kan verte sjuke.

Økonomisk tryggleik
Ekteparet Literski er kundar ved Sparebanken Møre si avdeling i Valldal, der dei har Magdalena Bialek som rådgivar. Magdalena mista far sin for nokre år sidan, og ho hugsar kor viktig det var for familien å sleppe økonomisk bekymring då han vart sjuk og døydde. 

– Som rådgivar kjenner eg på eit stort ansvar for at kundane mine skal vere godt sikra. Etter det vi opplevde med pappa, brenn eg litt ekstra for personforsikring, seier ho.

Personforsikring er eit samlebegrep for forsikringar som skal skape økonomisk tryggleik for deg og dine næraste om du døyr, blir ufør eller sjuk.

Magdalena forklarer i korte trekk dei ulike typane:

Livsforsikring kan sikre at familien din får behalde hus og heim dersom du døyr. Har du sambuar, er  gift eller har barn frå tidlegare forhold? Då bør du tenke ekstra over kven som skal få utbetalinga.

Forsikring ved kritisk sjukdom gir deg ei rask utbetaling dersom du skulle bli alvorleg sjuk og sikrar økonomisk handlefridom i ein sjukdomsfase. Du disponerer beløpet som du vil, alt frå alternativ behandling til å ta med familien på ein ferietur.

Barne- og ungdomsforsikring dekker kostnader du kan få som følgje av barnet sine helseproblem, men aller viktigast er at den sikrar den økonomiske framtida til barnet ved varig sjukdom.

Uføreforsikring kan kompensere for det dramatiske inntektstapet som kjem dersom du vert varig arbeidsufør, slik at du, og familien din om du har det, kan oppretthalde levestandarden.

Anna og Jacek saman med sine to døtre på åtte og ti år.

– Uføreforsikring kostar, fordi stadig fleire vert uføre og treng utbetaling. Ein del kvir seg på å bruke pengar på dette, sjølv om dei fleste vel å ta kaskoforsikring på bilen sin. Å bli ufør er som å krasje ein bil utan kasko, kvart år, resten av livet. Det handlar om å forsikre lønna si, forklarer Magdalena. Jacek Literski er samd:

–Vi bruker pengar på så mykje unødvendig, men å sikre økonomien ser vi på som ei viktig investering. For ein gongs skuld håper eg at dette vert bortkasta pengar, for det betyr i så fall at vi har fått behalde god helse, seier han.

Vi har forsikring gjennom jobben
Jacek opplevde at Magdalena si hjelp var avgjerande då dei skulle kartlegge forsikringsbehovet sitt. Ved å sjå på familien sin totalsituasjon, kom dei fram til gode forsikringar som eliminerer dei største økonomiske risikoane.

– Vi trudde at vi hadde ei god livsforsikring frå før, men Magdalena oppdaga at dette berre var ei ulykkesforsikring som ikkje dekker sjukdom, fortel Jacek.

Magdalena kan stadfeste at dette er typisk. Mange trur dei er godt dekte via jobb eller forbund, men så viser det seg at beløpa er for lave, eller at dekningane ikkje er det dei trur.

– Ein utset gjerne å sjå på forsikringsbehovet fordi det kjennast innvikla og tidkrevjande å sette seg inn i. Der kjem banken inn i biletet, seier ho.

Banksjef Stein Ivar Krohn veit at kundane er i trygge hender hos Magdalena Bialek. Som dei andre rådgivarane i banken er ho autorisert i både skade- og personforsikring.

Legg ein plan
Jacek vil oppmode alle til å tenke over dei økonomiske konsekvensane dersom livet ikkje går som ein håper.

– Skaff gode forsikringar, seier han, og du kan leve livet ditt med planar og draumar, vel vitande om at du får hjelp skulle noko gå gale. 


Sparebanken Møre tilbyr forsikring i samarbeid med Eika Forsikring, og rådgivarane i banken vil hjelpe til med å finne forsikringane som passar best for deg i din situasjon.

Her kan du lese meir om personforsikring.

Flere artikler i kategorien Privatøkonomi