Gå til sbm.no

Statsbudsjettet 2022:

Vert det meir pengar for Clara og familien?

Like sikkert som at jula kjem, er det at styresmaktene spikrar statsbudsjettet for neste år. Trebarnsmora Clara Strømmegjerde-Aarseth er spent på kva dette vil bety for familiens kvardag.

Som mange andre opplever Sykkylvsfamilien at pengane ofte flyg ut like fort som dei kjem inn. - Eg håper det kan vanke ei julegåve til småbarnsfamiliane frå statsbudsjettet, seier Clara.

Vi har sett på korleis statsbudsjettet for 2022 kan verke inn på lommebøkene til kundane våre. Budsjettet er ei blanding av ny og gammal politikk; den gamle regjeringa starta budsjettarbeidet og den nye tok over stafettpinnen mot slutten. Solberg-regjeringa sin politikk vil dermed prege Noreg også i året som kjem.

Bakteppet for budsjettet er høg aktivitet i norsk økonomi, med utsikter om god vekst framover. Difor skal ikkje bruken av oljepengane aukast, og det er lagt fram eit moderat budsjett som er sagt å vektlegge grøn omstilling og framtidig verdiskaping. 

Clara er glad for at kontantstøtta foreløpig er uendra, ho tenker nemleg å ha permisjon utan lønn ein periode for å vere heime med minstemann.

Barn
Gledeleg er det at maksprisen på barnehage vert redusert frå 3.315 til 3.050, og førsteklassingar får gratis halvdagsplass på SFO. Barnetrygda vert indeksregulert for barn opp til seks år.

Clara set pris på desse endringane, både som mor og lærar. – SFO er ein kjekk og sosial arena som alle fortener å ha tilgang på, seier ho.

Vidare er ho glad for at kontantstøtta foreløpig er uendra, ho tenker nemleg å ha permisjon utan lønn ein periode for å vere heime med minstemann. Clara er også letta over å sjå at brillestøtte til barn er tilbake på tapetet – Med tre born av svaksynte foreldre er det stor fare for brilleutgifter framover!

Straum
El-avgifta vert nesten halvert gjennom den kaldaste tida, nærare bestemt januar, februar og mars. Dette er eit kutt på åtte øre per kilowatt-time, som for ein vanleg familie kan utgjere 500-1000 kroner årleg. Straumprisane er dermed av mykje større betydning for totalsummen på rekninga. -Vi fyrer med ved så å seie frå morgon til kveld, seier Clara, som er så heldig å ha tilgang på gratis ved frå far sin. Ho håper uansett, på egne og andre sine vegner, at straumprisane vert reduserte.

Transport
Det er lova 30 prosent reduksjon i ferjeprisane og foreslått gratis ferje til ein del små øyer og kystsamfunn. I tillegg får mange pendlarar nyte godt av at det no vert frådrag på reiser over 37 kilometer, mot dagens 66 kilometer. Kilometerfrådraget og botnbeløpet vert også auka.

Inntekt
Det vert ei skattelette for dei som har inntekt under 750.000. For inntekter over 2 millionar vert det ei kraftig skatteskjerping.

IPS
Er du av dei som har spart til pensjon i Individuell Pensjonssparing? Frådraget på alminneleg inntekt vert no redusert frå 40.000 til 15.000, noko som vil gjere ordninga langt mindre interessant for dei fleste.

Støtte til gode formål
Midt i julehandelen er det bra å hugse på dei som er dårlegare stilte enn oss sjølve. Hald for all del fram med å gi gåver til gode formål, men vit at maksimalt frådrag i alminneleg inntekt vert redusert frå 50.000 til 25.000.

For framtida håper Clara at prisane for barnehage og SFO vert ytterlegare redusert, noko som kan frigi midlar til fritidsaktivitetar. Læraren i henne ønsker også større overføringar til utdanningssektoren, både i form av kroner og folk.

Vinnarar og taparar
Kven er så vinnarane og taparane i statsbudsjettet for neste år? Aller best utteljing får kanskje lavt-/normallønna pendlarar med barn i barnehagealder. Dårlegare ut kjem høglønna som får utbytte og har skattbar formue.

For framtida håper Clara at prisane for barnehage og SFO vert ytterlegare redusert, noko som kan frigi midlar til fritidsaktivitetar. Læraren i henne ønsker også større overføringar til utdanningssektoren, både i form av kroner og folk.

- Tidleg innsats er uhyre viktig for å skape gode og trygge born. Det er dei som er framtida, og ei satsing her vil slå positivt ut for heile samfunnet, seier ho.

Familiar flest vil neppe merke dramatiske endringar i privatøkonomien frå det komande statsbudsjettet. Samstundes er det uvisst kva som skjer med straumprisane, og lånerentene er venta å stige. Det vil dermed, som før, vere viktig å ha god oversikt over familiebudsjettet samt ein buffer i bakhand. Og for deg som frykter at det kan bli vanskeleg framover, ta ein prat med banken, så ser vi etter gode løysingar ilag! 

Flere artikler i kategorien Privatøkonomi