Gå til sbm.no

Våre beste tips til

Ein god studentøkonomi

Når du flyttar for seg sjølv, enten for å jobbe eller studere, kan du få mange økonomiske overraskingar.

Har du tenkt over at når du flyttar for deg sjølv må du kjøpe tannkrem og dopapir sjølv? Har du sjekka kor mykje ein kvitost eigentleg kostar? Jannicke Holmeset, rådgivar i Sparebanken Møre, gir deg dei beste tipsa sine for å sikre ein god studentøkonomi.

Planlegg kvardagen
– God planlegging er nøkkelen til suksess, seier Jannicke, som er rådgivar ved Sparebanken Møre sitt kontor i Brattvågen. – Ja, det høyrer kanskje ut som ein klisjé, men god planlegging kan spare deg for mange unødvendige utgifter, forklarar Jannicke. Budsjett kan settast opp utan rekneark og avanserte formlar. Det viktigaste er at du får oversikt over inntekter og utgifter. Appen «Buddy – Gruppebudsjett» er eksempel på eit enkelt budsjettverktøy.

Mat er ein av dei største utgiftspostane for dei aller fleste, og Jannicke tilrår å sette opp ein meny for ei heil veke. – Om du planlegg middagar for ei veke i slengen, kan du ta storhandel ein gong i veka og spare deg for mange unødvendige småkjøp. Undersøk i forkant kva for butikkar som har dei beste tilboda. Her er appen «Mattilbud» ein god hjelpar. Bur du i kollektiv kan du spare mykje på å lage middagar i lag. Det er kjekt både for lommeboka og for det sosiale.

Bruk alle studenttriksa
Som student har du mange fordelar. Så pass på at du ordnar deg med eit gyldig studentkort tidleg. Då kan du få rabattar på alt frå buss og fly til klesbutikkar og tannlege. Undersøk også kva fordelar du får gjennom studentorganisasjonar. Her er det ofte gode rabattar på for eksempel medlemsskap i treningssenter.

– Dropp kantina på skulen og smør med deg matpakke. Ta med drikkeflaske og kjøp deg termoskopp slik du kan ta med kaffi heimanfrå. Pengane du sparar på å gjere desse enkle grepa, kan settast av til sparing, tipsar Jannicke. Kanskje drøymer du om bil, eiga leilegheit eller kanskje ein jorda rundt-tur når studiet er over? Då kan desse små tinga utgjere heile forskjellen på om du har råd eller ikkje.

Ikkje alt treng å vere nytt  
– Trengs det nye møblar i kollektivet, kan de­ lett gjere eit kupp på Finn eller Tise. Her kan de finne brukte møblar til ein rimeleg penge, og kanskje til og med gratis, tipsar Jannicke. Det same gjeld for pensumbøker. Desse kan ofte vere dyre, og eit godt tips er derfor å kjøpe brukte bøker. Det kan også vere verdt å sjekke ut om du kan låne pensumbøkene på skulebiblioteket.

Hugs at det kjem ei tid etter studietida
Det å vere student er nytt og spanande for mange, og fleire har nok gleda seg lenge til å flytte heimanfrå. – Eg trur mange blir overraska over kor mykje ein må kjøpe inn når ein flyttar for seg sjølv; ting som før har vore ei sjølvfølge å finne i skapet, må ein no plutseleg skaffe sjølv. Tannkrem, mjølk og vaskemiddel er nødvendigheiter, men kan vere overraskande kostbart, fortel Jannicke.

– Prøv å tenk at stipendet skal vare lengre enn til neste utbetaling. Set av litt pengar til sparing så langt det lar seg gjere, så er du betre rusta om det skulle dukke opp uforutsette utgifter. Har du kapasitet til å ha ein deltidsjobb og/eller jobbe i feriane, vil det vere gull verdt for ein kanskje svolten konto. Eg tilrår også å sjekke ut «Impulskalkulatoren». Mange blir nok overraska over kor mykje ein kaffikopp for dag utgjer i kroner på eitt år. Kuttar du ut berre ei slik «uvane» kan du fort bygge deg ein liten bufferkonto.

– Hugs at det kjem ei tid etter studiane og at dei økonomiske valga du tek no, legg føringane for framtida di. Ha det i minnet og unngå dei største økonomiske fallgruvene. Vi i Sparebanken Møre er alltid klar til å gi deg gode råd om du treng det. Men kanskje noko av viktigaste er dette; nyt studietida til det fulle, desse åra forsvinn på eit blunk, avsluttar Jannicke. 


Flere artikler i kategorien Ung og økonomi