Gå til sbm.no
Mette Ryste, banksjef ved Sparebanken Møre sitt kontor i Volda.– Mitt beste tips til alle unge: Spar i BSU, seie Mette Ryste, banksjef ved Sparebanken Møre sitt kontor i Volda.

Bustadsparing for ungdom

Kom i gang med BSU-sparing

Det er berre å sette i gong med BSU-sparing. Dess før, dess betre. Du får god rente og det er risikofritt. I tillegg får du skattefrådrag. Ikkje vent med BSU-sparing til du er klar til å kjøpe bustad. Det kan vere i seinaste laget.

Ifølge ei undersøking planlegg fire av ti unge mellom18 til 30 år å spare meir i 2021 enn dei har gjort tidlegare.

– Skal du starte sparing i år bør du prioritere bustadsparing, seier Mette Ryste, banksjef ved Sparebanken Møre sitt kontor i Volda.

– Utset du BSU-sparinga blir det store beløp som må sparast på relativt kort tid for å ha eigenkapital når bustaddraumen skal realiserast. Startar du tidleg er det meir sannsynleg at du kan stille med den eigenkapitalen som trengs.

Eigenkapital
Skal du kjøpe bustad krev myndigheitene at du har minst 15% eigenkapital. Kostar bustaden 3 million må du ha 450.000 kroner i eigenkapital for å oppfylle dette kravet. Det er snakk om mykje pengar for ein ung økonomi.

–  Skal du utnytte BSU-ordninga maksimalt må du spare 27.500 kroner årleg, i nesten 11 år. Då vert sparebeløpet totalt 300.000 kroner. Det betyr 2.291 kroner i månaden eller omtrent 76 kroner pr. dag, og 76 kroner pr dag er brått ikkje så mykje……men det er fort gjort å sløse vekk ein slik sum utan å tenke over det. Kvardagssløsing som utelunsj, «kaffe-on-the-go», «take-away-middag» for å nemne nokre av freistingane, smiler Mette.

– Vi rår kundane våre til å sette inn så mykje dei kan tidleg på året. Det er ei barriere å ta ut BSU-pengane når dei først står på kontoen, men blir det ei akutt knipe kan du ta ut beløpet du har spart dette året. Då er det kanskje ikkje så skummelt å sette inn såpass mykje pengar på BSU. 

Er du kunde i Sparebanken Møre og har mobilbank eller nettbank, kan du opprette BSU-konto og fast spareavtale direkte i nett- eller mobilbank. Les meir her.

Skal du utnytte BSU-ordninga maksimalt må du spare 27.500 kroner årleg, i nesten 11 år. Då vert sparebeløpet totalt 300.000 kroner. Det betyr 2.291 kroner i månaden eller omtrent 76 kroner pr. dag.

Sparevilje og evne
Ho fortel vidare at mange unge i dag må ha kausjonist når dei skal kjøpe bustad sjølv om dei har spart, men å ha vist sparevilje er positivt.

– Skal du søke om lån til bustad er det lettare å få ja når du har vist at du klarer å spare, sjølv om inntekta kanskje ikkje er så høg. Alle monner drar, og det er positivt å ha vist sparevilje. BSU er eit supert produkt som alle bør begynne med så fort dei har ei inntekt og betalar skatt, avsluttar Mette Ryste.

Skattefrådrag
Med det nye regelverket får du skattefrådrag berre fram til du eig ein bustad. Når bustaden er kjøpt, kan du fortsette BSU-sparinga, men du får ikkje skattefrådraget. Unntaket er om du sel bustaden og leige i staden for å eige sjølv. Då kan du fortsette å spare med skattefrådrag. 


Spørsmål
Vi opplever at mange har spørsmål om BSU-regelverket. Her finn du litt informasjon.

  •  Du kan spare inntil 27.500 kroner årleg
  • Du kan totalt spare 300.000 kroner. Rentene du får kjem i tillegg
  • Du kan spare til og med det året du fyller 33 år
  • Du får 20 prosent av årleg innbetalt sparebeløp i skattefrådrag. Det vil seie inntil 5.500 kroner i årleg skattelette
  • Eig du ein bustad eller sekundærbustad får du ikkje lenger skattefrådrag
  • Eig du ein del av ein bustad eller sekundærbustad får du heller ikkje skattefrådrag
  • Om du har kjøpt eller arva bustad eller sekundærbustad, har ikkje betydning. Du mister frådraget når du eig i ein bustad eller ein sekundærbustad
  • Pengane du har spart i BSU må brukast til å kjøpe bustad eller betale ned på bustadlån. Brukar du pengane til noko anna, må du betale tilbake skattefrådraget du har fått
  • Du kan ikkje bruke BSU til å kjøpe fritidsbustad
  • Når du har begynt å bruke av BSU-kontoen kan du ikkje lenger spare i BSU
  • Avsluttar du BSU-kontoen din, kan du ikkje opprette ny seinare. Du kan berre ha ein BSU-konto
  • Du kan ta ut pengane du har sett inn i inneverande år utan at du må avslutte BSU-sparinga
  • Du får ei av banken si beste rente til og med det året du fyller 33 år

Flere artikler i kategorien Ung og økonomi