Gå til sbm.no
– Eg har snakka med fleire unge kundar som trur dei er godt nok dekka gjennom foreldra si forsikring. I mange tilfelle stemmer ikkje dette, fortel Rita Iren Rudning Røyrhus, finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre på Stranda.

Student:

Sjekk at du er godt nok forsikra

I desse dagar er det mange ferske studentar som har byrja på eit nytt og spennande kapittel. Nokon har flytta heimanfrå for første gong, og det er mykje som skal på plass dei første vekene.

Noko som er viktig å hugse og som er enkelt å gløyme, er forsikring.

Mange trur dei er forsikra frå før
– Eg har snakka med fleire unge kundar som trur dei er godt nok dekka gjennom foreldra si forsikring. I mange tilfelle stemmer ikkje dette, og det løner seg derfor å ta ein prat om forsikring med ein rådgjevar i banken, fortel Rita Iren Rudning Røyrhus. Rita jobbar som finansiell rådgjevar i Sparebanken Møre på Stranda. Ho snakkar ofte med unge kundar som treng råd om forsikring.

– Eit godt eksempel er innboforsikring. Har du ikkje eiga innboforsikring kan du gå glipp av viktige dekningar, fortel Rita. Blant anna er erstatningsbustad ofte ikkje dekka om du er forsikra gjennom foresattes forsikring. Skulle det oppstå vannlekkasje eller brann i bustaden du bur i, eller det av andre grunnar ikkje er mogleg å bu der, vil du i mange tilfelle ikkje få dekka erstatningsbustad om du ikkje har eiga innboforsikring. 

Banksjef Kjell Martin Ringset og rådgjevar Rita Iren Rudning Røyrhus ved Sparebanken Møre sitt kontor på Stranda fortel at mange unge kunder trur dei er forsikra frå før. Dei anbefalar å ta ein prat med ein rådgjevar om forsikring.

Reiseforsikring heile året 

Kva med reiseforsikring? Det treng man vel kun på sommarferie, eller?

– Ei vanleg misforståing er at reiseforsikring berre gjelder, og er nødvendig, på tur til utlandet. Men ei god reiseforsikring dekker deg frå du går ut av døra heime og har ingen krav til overnatting, forklarar Rita. Hos dei fleste forsikringsselskap er du forsikra gjennom foreldra dine si reiseforsikring til du fyller 20 år, og det er derfor viktig å teikne si eiga. Kanskje tenker du at forsikring er ein dyr unødvendigheit, men dei økonomiske konsekvensane av å ikkje vere forsikra kan bli større enn du trur.

Prisen for god nattesøvn 
– Vi har ein skreddarsydd forsikringspakke for kundar under 34 år. For kun 160 kroner per månad får du våre beste alternativ for reise- og innboforsikring. I tillegg får du ei ulukkesforsikring med på kjøpet. Pakken gjer at du kan sove godt om natta, utan å tømme studielånet, avsluttar Rita.

Les meir om UNG Forsikring her.
Ønsker du å snakke med nokon om forsikring? 
Ta kontakt med oss, - vi hjelper deg gjerne.

Flere artikler i kategorien Ung og økonomi