Gå til sbm.no
Klassene til 15 åringene Marthe Ludviksen Hole i klasse 10B og Ida Kolås i klasse 10A, har saman med Anne Kari Aamodt, lærar ved Sykkylven ungdomsskule, deltatt på temadagen Økonomi og karriereval.

Viktig læring:

Med økonomi på timeplanen

Unge vaksne nordmenn er på verdstoppen i gjeld. Korleis skal unge lære å ta gode økonomiske val?

Klassene til 15 åringene Marthe Ludviksen Hole i klasse 10B og Ida Kolås i klasse 10A, har saman med Anne Kari Aamodt, lærar ved Sykkylven ungdomsskule, deltatt på temadagen Økonomi og karriereval. 

Temadagen er ein del av Sparebanken Møre sitt samarbeid med Ungt Entreprenørskap Møre og Romsdal. Sidan 2005 har banken tilbydd ei rekke undervisningskonsept for elevar og studentar, og årleg får mellom 2.000 og 3.000 elevar i fylket ein finansrådgivar frå Sparebanken Møre inn på klasserommet.

– Det er alltid kjekt å få besøk frå Sparebanken Møre, seier Anne Kari. – Undervisninga er anvendeleg og praktisk – nær livet og inneheld kunnskap dei treng.

Digitalisert undervisning
Ved hjelp av eit verktøy på mobiltelefonen vel elevane eit yrke ut ifrå kva interesser og evner dei har. Deretter utarbeider dei eit månadsbudsjett basert på forventa inntekt. 

– Det vart høglydt diskusjon rundt kor mykje vi burde bruke på mat og klede, kor dyrt hus vi hadde råd til og kor mykje som var nødvendig å spare, fortel elevane Ida og Marthe.

Auka kjøpepress
Ifølgje lærar Anne Kari skapte dei ulike verktøya engasjement i klassene.

– Det er store skilnader i kor mykje elevane lærer om økonomistyring heime. Då er det godt at banken visualiserer konsekvensen av dårleg økonomistyring med høgt forbruk, kredittkortgjeld og ubetalte rekningar, seier ho. 

Anne Kari har inntrykk av at kjøpepresset er sterkare no enn tidlegare. Ida og Marthe trur sosiale media har mykje av skulda. Ida fortel om TikTok-videoar med tema som «Kva må ein ha på seg første skuledag». 

– Spesielt dei nye elevane på skulen let seg påverke til å tru at dei treng dyre klede for å bli sosialt aksepterte, trur ho.

Vi må kjenne ungdomen
Auka kunnskap om personleg økonomi er ei viktig satsing for Sparebanken Møre, ifølgje Karete Skinnes, banksjef for privatmarknaden i Sykkylven. 

– Det å bruke nokre timar i klasserommet gir oss også mykje tilbake og er ei investering i ungdomen. Det er lærerikt å høyre kva som rører seg blant dei unge; kva dei er opptekne av, korleis dei tenker og kva dei lurer på, seier ho. 

Ho meiner at ein lokalbank må kjenne og forstå bygdefolket, og at det gjerast best ved å delta der dei er. 

– Noko av det kjekkaste med å vere rådgivar er å hjelpe unge med å realisere bustaddraumen sin. Vi treff også menneske som er så nedtyngde i gjeld at det er vanskeleg å finne løysingar. Vi ser at stadig fleire unge vaksne slit med økonomien. 

Både Marthe og Ida trur at dei som må jobbe for pengane sine, vil klare seg betre når dei flyttar for seg sjølve.

Mange bekkar små
Det er lett å dra kortet, og på temadagen får elevane prøve ein sløsekalkulator der dei ser kor mykje alle småbeløpa utgjer over tid.  

– Ein kan tenke at ein ikkje har råd til ein tur på Moa, sjølv om ein stadig vekk kjøper mat og drikke på kantina. Dersom vi er flinke til å smørje matpakke kan vi heller unne oss ein liten shoppingtur, trur Ida.  

Ingen av jentene får faste lommepengar, men dei hjelper til med husarbeid heime og får pengar til det dei treng. Marthe har i tillegg ein vaskejobb, medan Ida hjelper bestemor si av og til. Dei prøver å spare og ikkje bruke opp alt. 

Kva vil framtida bringe?
– Unge som jobbar for pengane sine, vil kanskje klare seg betre når dei flyttar for seg sjølve, sidan dei er vande med å prioritere og tenke over kva dei har råd til, trur Marthe. Ho synest det er litt skummelt å tenke på å bli vaksen og få ansvar for hus og lån. Ho lurer på kva ho skal bli og kor mykje ho kjem til å tene.

– Der er undervisninga til Sparebanken Møre god, seier lærar Anne Kari. – Elevane lærer at det ikkje berre er inntekta som avgjer om ein får god økonomi. Det handlar like mykje om korleis ein styrer pengane sine. 

Marthe håper at det skal gå bra å bli vaksen.

– Det verker stressande å passe på alt som må betalast og gjerast, men kjekt også, dersom ein klarer å ha kontroll, seier ho.


Sparebanken Møre har spurt nokre klasser ved Sykkylven ungdomsskule om økonomi. Her er noko av det dei svarte:

  • Litt under halvparten av elevane får faste lommepengar, dei fleste andre får pengar etter behov
  • Dei fleste elevane har ingen faste oppgåver i heimen, men hjelper til inn i mellom. Berre om lag 30% oppgir å ha faste oppgåver som å rydde, passe småsøsken eller tømme oppvaskmaskin.
  • Berre  om lag 20% av elevane har ein deltidsjobb, mange seier at dei vil prøve å skaffe sommarjobb til neste år
  • Dei aller fleste av elevane sparer ein del av pengane som dei tener eller får i gåver
  • Tre fjerdedelar av elevane driv med ein fritidsaktivitet – i snitt meiner dei at dette kostar i overkant av 4000,- årleg
  • I  snitt meiner elevane at ein familie på fire bruker 2500,- per veke på mat og drikke, og 1.700,- per veke på klede og sko
  • Det er store sprik i kor mykje elevane trur det er vanleg å betale på eit huslån, gjennomsnittet av svara er 10.500,- månadleg. Mange av elevane meiner at eit huslån blir betalt ned på mellom ti og tjue år


For å finne ut kor mykje ei familie med to vaksne og to born i gjennomsnitt brukar på mat og klede per månad, kan du prøve Referansebudsjett-kalkulatoren til OsloMet som du finn her.

Flere artikler i kategorien Ung og økonomi