Næringsteft:
Er din idé verdt 1 million kroner?
Er du gründer med ein nyskapande idé, har du no sjansen til å bli med på årets runde av Næringsteft! Oppstart er 3. desember.
Næringsteft er ei kompetansereise og ein konkurranse for gründerar i tidleg fase, og det ligger over 2 millionar kroner i premiepotten med 1 million kroner til vinnaren som den største gulrota. Vinnaren vert kåra 13. mars på Noregs største investorseminar Børs og Bacalao.
- Vi veit at kapital er ein kritisk faktor for oppstartsbedrifter med nyskapande idéar, difor har vi også strekt oss langt når vi har rigga premiepotten. Dei seier Terje Krøvel, leiar for Næringsliv i Sparebanken Møre. Krøvel har vore i juryen i Næringsteft heilt frå starten.
Meld deg på Næringsteft innan 1. desember
Nettverk og kompetanse
Like viktig som kapital er nettverk og kompetanse. Gjennom å bli kjent med andre gründerar i regionen, og ikkje minst å få bli kjent med både verkemiddelapparatet og dei dyktige mentorane håper banken at dei skal kunne vere med på å gi fart på utviklinga av dei nye forretningsidéane.
- Det er svært mange dyktige folk med på arrangørsida i dette programmet. Det blir i år ein kombinasjon av faglege samlingar, webinar, mentorsamling og ei eiga samling der ein øver på å pitche sin idé. Gjennom heile programmet blir det lagt opp til at deltakarane skal bli kjent med kvarandre og bidra i kvarandre sine prosjekt og utvikling. For sjølv om det til sjuande og sist er ein vinnar som står igjen med hovudpremien, er det prosessen, samarbeidet og nettverket som dei tidlegare deltakarane har framheva som den verkeleg store verdien, fortel prosjektleiar for Næringsteft, Ruben Grongstad Kvalsvik i Sparebanken Møre.
Mentorar
Næringsteft er delt i to fasar. I første del er det lagt opp til fire samlingar. Deretter kan deltakarane sende inn ein pitch (kort presentasjon av idéen og selskapet) samt ein kortfatta forretningsplan til juryen. Ut frå dette blir semifinalistane plukka ut. Dei dyktige gründerane blir deretter kobla saman med eit mentorpanel.
- Semifinalistane blir sett saman i team saman med mentorane. Her vil dei både bli utfordra og løfta, og målet er å få tatt nokre sjumilssteg ilag. Semifinalistane får ein premie på 50.000 kroner. Det skal bidra til at dei kan ta seg tid og råd til å delta på denne krevjande reisa, seier Kvalsvik.
Kven kan delta?
- Du har forretningsidé som er nyskapande og berekraftig. Levedyktig og verdiskapande
- Du har eit dedikert team, uavhengig av storleik, som er forplikta til å jobbe mot selskapet si utvikling
- Du skal registrere selskap (AS eller ENK). Organisasjonsnummer må vere på plass for å kunne gå vidare i konkurransen
- Selskapet har - eller vil få - forretningsadresse på Nordvestlandet.
Premiar
Alle semifinalistane får 50.000 kroner. Finalistane er sikra ytterlegare 200.000 kroner, og vinnaren av Næringsteft kan heve beløpet til 1 million kroner til å vidareutvikle sin forretningsidé.
Arbeidet i lag med dei dyktige mentorane og teamet med andre gründerar kan knapt verdsettast i kroner og ører, og nettverket du som gründer er med å bygge vil vere til stor nytte for både deg sjølv og andre i same situasjon.
Alle semifinalistane får vere synleg til stades under Sparebanken Møre sitt investorseminar Børs og Bacalao, og finalistane blir presentert for deltakarane gjennom ein kort film. Denne profileringa kan også utgjere stor forskjel for idéen din.