Gå til sbm.no
Tre unge gründere jobber ved et bordFoto: istock.com

Siste frist for påmelding 12. november

Har du ein idé verdt 1 million kroner?

Er du gründer med ein nyskapande idé, har du no sjansen til å bli med på årets runde av Næringsteft! Påmeldingsfrist er 12. november.

Næringsteft er ei kompetansereise og ei konkurranse for gründerar i tidleg fase, og i år ligg det over 2 millionar kroner i premiepotten med 1 million kroner til vinnaren som den største gulrota. Det er Sparebanken Møre som står bak konseptet i samarbeid med kunnskapsparkane i fylket og fleire store næringslivsaktørar. Vinnaren vert kåra 10. mars på Noregs største investorseminar Børs og Bacalao.

- Vi veit at kapital er ein kritisk faktor for oppstartsbedrifter med nyskapande idéar, difor har vi også strekt oss langt når vi har rigga premiepotten. Dei seier Terje Krøvel, leiar for Næringsliv i Sparebanken Møre. Krøvel sit også i juryen i Næringsteft. 

Terje Krøvel er leiar for Næringsliv i Sparebanken Møre og sit i juryen i Næringsteft.

Nettverk og kompetanse
Men like viktig som kapital er nettverk og kompetanse. Gjennom å bli kjent med andre gründerar i regionen, og ikkje minst å få bli kjent med både verkemiddelapparatet, kunnskapsparkane og dei dyktige mentorane håper banken at dei skal kunne vere med på å gi fart på utviklinga av dei nye forretningsidéane.

- Det er svært mange dyktige folk med på arrangørsida i dette programmet. Vi har samlingar med ulike tema som entreprenørskap, kundebehov, designtenking, team, finansiering, sal og marknadsføring for å nemne nokre. Her blir det også lagt opp til at deltakarane skal bli kjent med kvarandre og bidra i kvarandre sine prosjekt og utvikling. For sjølv om det til sjuande og sist er ein vinnar som står igjen med hovudpremien so er det prosessen, samarbeidet og nettverket som dei tidlegare deltakarane har framheva som den verkeleg store verdien, fortel prosjektleiar for Næringsteft, Linda Rafteseth Grimstad i Sparebanken Møre. 

Det er full rulle når Sigurd Groven i gründar-trioen bak Exotek nyter friluftslivet. (Foto: Gisle Johnsen GDF Media)

Ein million og full rulle!
I førre runde var det Sigurd Groven og Exotek AS som gjekk av med sigeren. Etter ei ulukke der Sigurd vart lam frå livet og ned, utvikla han og gründerteamet ein elektrisk terrenggåande rullestol med ein overlegen evne til å ta seg fram i ulendt terreng. Produktet, saman med teamet si kompetanse og gjennomføringsevne, samt trua på marknaden og at dette vil kunne bli ei levedyktig bedrift, gjorde at juryen til slutt kåra Exotek som vinnar av Næringsteft og 1 million kroner. 

Mentorar
Næringsteftprogrammet er delt i to fasar. I første del er det lagt opp til samlingar og digitale møteplassar, før deltakarane skal sende inn sin pitch (kort presentasjon av idéen og selskapet) samt ein kortfatta forretningsplan til juryen. Ut frå dette blir 15 semifinalistar plukka ut.

Dei dyktige gründerane blir deretter kobla saman med eit mentorpanel beståande av seniorrådgjevar Christian Balsnes i Converto, partner Henrik Grung i advokatfirmaet Kvale, Kristina Giske, gründer og dagleg leiar i Vest studio, byråleiar Torill Standal Eliassen i Visma Digital Marketing og investor og dagleg leiar Anja Solevågseide i PIR Invest.

- Semifinalistane blir sett saman i team, og vil gjennom nokre intense dagar og veker få kjørt seg skikkeleg saman med mentorane. Her vil dei både bli utfordra og løfta, og målet er å få tatt nokre sjumilssteg ilag, fortel Grimstad. I tillegg til mentorane stiller også Sparebanken Møre og kunnskapsparkane med eigne ressurspersonar som skal bidra inn i prosessane.  

- Semifinalistane får ein premie på 50.000 kroner. Det skal bidra til at dei kan ta seg tid og råd til å delta på denne krevjande reisa. Det er viktig å hugse på at so tidleg i prosessen er det ikkje ein gong alle som har stifta selskap, og enda færre har høve til å ta seg ut løn. Difor har vi valt å gjere det slik, seier Grimstad. 

Kven kan delta?
- I starten er vi ikkje so veldig strenge med tanke på kven som kan delta, men for å kunne gå vidare i konkurransen og bli semifinalist har vi nokre krav, fortel Terje Krøvel.

  • Vi leitar etter oppstartsbedrifter i tidleg fase. Det betyr at idéen eller selskapet ikkje bør vere eldre enn 4 år.
  • Idéen må representere noko vesentleg nytt i marknaden, og den må kunne kommersialiserast.
  • Idéen må vere forankra i FNs berekraftsmål.
  • Selskapet må ha forretningsadresse på Nordvestlandet.
Linda Grimstad, prosjektleiar i Næringsteft, her saman med Olbjørn Kvernberg, som sat i juryen i 2021.

Juryen
For å bedømme dei ulike forretningsidéane har ein også ein breitt samansett jury med kompetanse knytt til forretningsutvikling og ulike bransjar. Årets jury vil bli offentleggjort på første samling i Molde 23. november.

Premiar
Vinnaren av Næringsteft får 1 million kroner til å vidareutvikle sin forretningsidé. Dei to andre finalistane får ein pengepremie på til saman 250 000 kroner. I tillegg får alle tre finalistane ein skreddarsydd mentorpakke frå Converto, Kvale, PIR, Vest og Visma. Før finalen har alle semifinalistane fått 50.000 kroner og eit intensivt mentorprogram. 

Fakta om Næringsteft

  • Ei kompetansereise og ein konkurranse for gründerar i tidleg fase
  • Førstepremien er på 1 million kroner, og det ligg totalt over 2 millionar kroner i premiepotten
  • Arrangerast av Sparebanken Møre i samarbeid med NTNU TEFT-lab, Vindel, ProtoMore, ÅKP, Converto, Kvale, PIR, Vest og Visma
  • Søknadsfrist 12. november
  • Les meir på sbm.no/nt

Stikkord

NÆRINGSTEFT

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement