Gå til sbm.no
Ung dame som holder to refleks opp til ørene, som om de var øredobber.Bruk refleks kreativt! Men hugs å ha ein refleks dinglande i knehøgde for best synlegheit.

Mørketid = reflekstid

Refleks til store og små

Ein refleks er mest synleg når han dinglar i knehøgde. Ut over det kan du vere så kreativ du vil.

Siste veka i september sender Sparebanken Møre ut nye refleks til skular på Nordvestlandet. Ein refleks varer nemleg ikkje evig. Vask, sollys, oppstriping og anna slitasje gjer at dei mister effekt etter ei tid. Og sjølv om ein refleks fint kan vare i fleire år, er det likevel lurt å bytte dei ut med jamne mellomrom. 

– Vi vil at alle ungane skal vere godt synlege langs dei haustmørke vegane - både i byane og på bygda. Difor deler vi ut nye refleks, seier Marius Folgerø, banksjef i Sparebanken Møre i Ørsta. 


Så enkelt - Så avgjerande forskjell!
– Refleks er genialt og superenkelt! Vi veit at denne lille brikken reddar liv i den mørke årstida, difor har det blitt ein viktig del av samfunnsansvaret vårt å sørge for å dele ut refleks. Når alle elevane ved barne-, ungdoms- og vidaregåande skular får refleksane sine samstundes, trur vi også at det er større sjanse for at mange vil bruke dei, seier Marius. Han fortel at Sparebanken Møre i mange kommunar også har støtta utdeling av refleksvestar til førsteklassingane og reflekskragar til femteklassingane i samarbeid med fylkeskommunen og Politiet.


Ikkje berre for ungane
Dei nasjonale refleksteljingane til Trygg Trafikk viser at under halvparten av vaksne hugsar å bruke refleks. Bruken har sakte men sikkert auka dei siste åra, men ikkje fort nok. Marius rettar difor ei ekstra påminning til vaksne:

– Vi er flinke å minne ungane på å bruke refleks, men ikkje gløym at vaksne er like lite synleg i haustmørkret som ungane! I reflekspakkane til skulane er det rikeleg med refleks, slik at dei tilsette ved skulane også skal få. Du kan også stikke innom eit Sparebanken Møre-kontor og få med deg refleks, inviterer Marius.

Kom gjerne innom eit Sparebanken Møre kontor, så får du ein ny refleks, oppmuntrar banksjef i Ørsta, Marius Folgerø. Her saman med Elisabeth Blomvik, leiar Divisjon Personmarknad i Sparebanken Møre.

Brikken som reddar liv
I løpet av ein sesong vert mange refleksar øydelagde, gløymde eller mista. Vi veit også at dei blir svakare med tida, og at det er lurt å bytte ut godt brukte refleksar med nye. Men ein gammal refleks er trass alt betre enn ingen refleks!

Visste du at billys, avstand og refleks har mykje å seie for kor raskt sjåføren oppdagar fotgjengaren?  Med nærlys blir ein fotgjenar utan refleks synleg på 25-30 meters hald! Med refleks er du synleg allereie på 140 meters hald. Med fjernlys kan bilføraren sjå deg på heile 400 meters avstand.

Sekunda tel 
Går du utan refleks vil ein bilist i 50 km/t berre ha 2 sekund på å sjå deg. Bruker du refleks har bilisten 10 sekund på å reagere. 

Reflekstips:

  1. Fest refleks på alle jakker, sekkar og vesker – då har du alltid med deg refleks.
  2. Refleks er forbruksvare som blir slitne over tid. Bytt ut gamle refleksar!
  3. Bruk helst to refleksar. Då er du synleg frå begge kantar.
  4. Refleksen er mest synleg når den bevegar seg. Fest refleks på armar og bein.
  5. Hengerefleks bør henge i knehøgde for best mogeleg effekt.
  6. Legg refleksane i lomma på jakkene du bruker, så ligg han klar til du treng han


Slik sjekkar du refleksen din

  1. Heng opp både ein gamal refleks og ein ny refleks i eit mørkt rom.
  2. Hald ei lommelykt opp i augehøgde og lys rett på refleksane frå fire meters avstand.
  3. Lyser den gamle refleksen mykje dårlegare enn den nye, bør du kaste den.

Ifølge Årim er det førebels ikkje mogeleg å resirkulere refleks, og dei gamle skal difor kastast i restavfall.

Kjelde: Trygg Trafikk Møre og Romsdal

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement