Gå til sbm.no
Fosnavåg si historie med fiskarkona illustrert som ei kul dame på farta i sentrum. Med barnet på eine handa og kikkerten i den andre, skuande etter mannen på sjøen. Foto: Simon Alfredo

Sparebanken Møre

Set farge på Fosnavåg

Bankbygget i Vågsgata 19 i Fosnavåg har vorte utsmykka med ulike element frå Fosnavåg si historie. Eit fantastisk kunstverk rett på veggen - utført av gatekunstnar Simon Alfredo.

Sparebanken Møre skal vere ein pådrivar for skapargleda i regionen, fremje bulyst og støtte inkludering og mangfald. Akkurat det er vi stolte av å ha fått til saman med gatekunstnar Simon Alfredo og utsmykkinga av Fosnavåg sentrum. 

– Dette er ei gladsak aldeles, fortel banksjef i Herøy, Per Ronald Knutsen. 

– Eit veldig kjekt prosjekt, med berre positiv energi og velvilje frå både kollegar og innbyggjarar her ute. Ikkje ein negativ kommentar har vi fått! Det viser at vi har klart å skape eit fargerikt sentrum som Herøyværingane er stolte av.

– Ja, det har tatt heilt av, med både medieomtale og positive innlegg frå publikum på sosiale kanalar, seier Marthe Vågsholm Sævik engasjert. Ho er finansiell rådgjevar i banken og ein av initiativtakaren bak idéen. 

– Eg var veldig spent på korleis veggkunsten og motivet ville bli mottatt. Heldigvis har vi klart å få fram sjela til Herøy og det som er felles for alle her ute.

Moderne fiskarkone
Marthe fortel om korleis den eine kortveggen på bankbygget i Vågsgata 19 no er utsmykka med ulike element frå Fosnavåg si historie. Her er god blanding mellom det tradisjonelle og moderne. Til dømes er den karakteristiske fiskarkona illustrert som ei kul dame på farta, med barnet på eine handa og kikkerten i den andre, skuande etter mannen på sjøen. Ho står sterkt saman med den staute fiskaren bak roret på ein gamal fiskebåt, i kontrast til den moderne offshorebåten. Alt dette omringa av kjente attraksjonar frå området; lundefuglen, solnedgang frå Rundebranden og bølgjeskvulp. Sistnemnte strekkjer seg rundt begge hjørna på bygget, og gjer kunstverket synleg frå fleire stadar i sentrum. 

– Det er heilt fantastisk det Simon har fått til, seier Per Ronald ivrig. Han er også svært fornøgd med dei klare fargane i måleriet, og fortel at det er profilfargane til Sparebanken Møre som er brukt. 

– Å få til noko så stort og flott frå ein lift, svaiande fram og tilbake med ei sprayboks, er berre heilt imponerande. Og alt dette på nokre få dagar! Sjå på linjene, kontrastane og skuggane. Ein må vere pinleg nøyaktig, og ha god erfaring, for å få til dette.

Ein stolt gjeng frå Sparebanken Møre saman med kunstnaren Simon Alfredo.

Inspirert av Chile
Simon Alfredo (45) har lang fartstid. Han er fødd i Noreg, men stammar frå Chile, og har henta mykje inspirasjon frå den chilenske gatekunsten. Han har over 30-års erfaring med graffiti og urban samtidskunst, og starta å male allereie som 15-åring. Simon har heile tida vore oppteken av at kunsten skal fortelje noko, vekke nysgjerrigheit og ha ein emosjonell appell for dei som ser den. – Det har blitt mykje visualisering av bokstavar og ord, men under korona gjekk eg lei, og prøvde meg heller på figurative motiv på lovlege veggar i Oslo. Eg vart overraska over den gode tilbakemeldinga frå publikum. Dette gav meirsmak til å fortsette, fortel Simon.

Så bra har det gått, at Simon i dag driv sitt eige føretak, med oppdrag for fleire store aktørar rundt om i landet. Sunnmøre kjenner han ekstra godt til, både frå tidlegare arbeidsgjevarar, men spesielt gjennom sambuaren sin, som er frå Tjørvåg.

– Eg vart glad då Marthe tok kontakt. Det er veldig kjekt å få reise ut av storbyen for slike oppdrag der eg kan vere med på å byggje stoltheit og identitet. Samtidig er det sjølvsagt noko ekstra med Herøy. Her har eg god kjennskap til området og kva banken står for som samfunnsaktør. 

– Men Fosnavåg er som andre sentrum, med ein arkitektur som ber preg av etterkrigstid med grå, tunge murbygningar. Då er det tøft av Sparebanken Møre å tenke annleis og ta initiativ til å friske opp sentrum med fargar og gatekunst, seier Alfredo.

Medan Simon held på med arbeidet var det så mange saktegåande bilar med kikande folk forbi ei periode, at han var redd det skulle oppstå kjedekollisjon i gata.

Banken feirar 180 år
Marthe er takksam for at Opplev Havlandet i Herøy for eit par år sidan tipsa henne om gatekunstnaren, og at eit samarbeid med han skulle vise seg å bli perfekt i høve Sparebanken Møre sitt 180-års jubileum.

– Sparebanken Møre er summen av fleire sparebankar som vart etablert på 1840-talet, der den eldste samanslutninga var Herøy («Herrøe») og Rovde («Røvde») Sparebank i 1843. I høve jubileet ønska vi å gi noko tilbake til innbyggjarane i Herøy, og etter første møtet med Simon vart val av gåve enkelt, seier Marthe engasjert.

–  Og etter andre møtet – WOW! Då kom sommarfuglane og kriblinga i magen. Simon viste oss skissene av veggen, og vi vart mållause. Han hadde fått på plass alt vi ønska med sin strek og genuinitet. Vi var i gong med å skape noko stort og innovativt for Fosnavåg.

Applaus frå innbyggjarane
Alfredo fortel om prosessen frå skisse til ferdig måleri på veggen, og korleis han førebur seg for så store flater. 

– Eg jobbar etter same prinsipp, uansett om lerretet er på ein meter eller 100 meter. Etter skissa er godkjent frå kunde, rutar eg opp veggen, set linjene i rette proporsjonar, og startar fargelegging og ferdigstilling. 

– Eg må forresten takke innbyggjarane i Fosnavåg for enorm støtte og gode ord under heile prosessen. Kvar dag har folk stoppa opp, kika og slått av ein prat. Nokon har til og med kome med matpakke, heimebakst og godteri. Dette set eg umåteleg stor pris på. Slikt engasjement er ikkje kvardags i dei store byane. Det var så mange saktegåande bilar med kikande folk forbi ei periode at eg var redd det skulle oppstå kjedekollisjon i gata her, flirar han.

Det er fleire gatekustprosjekt på gong i Fosnavåg.

Samarbeid
Per Ronald kan ikkje få rosa nok det gode samarbeidet banken har hatt med fleire aktørar i kommunen. 

– Dette har vore eit samarbeidsprosjekt med stor S. Ikkje berre med kunstnaren, men også kommunen, Herøy Næringsforum og Herøy Eigedomsutvikling har lovprisa prosjektet. Sistnemnte eig bankbygget, og har velvillig stilt opp med både oppussing, stige og stillas, alt med mål om at vi alle skulle lykkast.

– Ja, fargar gjer noko med oss, og vi er takknemlege for at Sparebanken Møre ønska å friske opp bygget vårt. Vi er så fornøgde - både med resultatet og samarbeidet. Så håper eg dette kan vere til inspirasjon for andre bedrifter i området, og at Fosnavåg kan bli ein einaste stor fargeklatt framover, seier Gunnar Åge Gundersen i Herøy Eigedomsutvikling AS.

Dagleg leiar i Herøy Næringsforum, Sissel Ødegård, er også glad for at gatekunst-prosjektet vart ein realitet. 

– Havlandet v/Hilde Gråberg Bakke var tidlegare i samtale med kunstnar Simon Alfredo for å få til akkurat dette i Fosnavåg sentrum, og då Sparebanken Møre ville bidra med midlar vart det heldigvis ein realitet. Alle dei fantastiske tilbakemeldingane frå lokale og tilreisande gjer oss merksame på kor viktig det er å skape trivsel i gatene. Dette betyr mykje for sentrumet vårt. Samtidig ser vi kor avgjerande gode samarbeid i næringslivet er for å få til noko slikt. Flott er det også at prosjektet har inspirert andre huseigarar til å stille fasadane sine til disposisjon for gatekunsten.

– Ja, det er veldig kjekt at fleire ville friske opp bygga sine med fargar, legg Marthe til. 

– Tidleg i leiken inviterte vi andre huseigarar i sentrum til å vise si interesse for å få eit motiv illustrert av Alfredo på veggen sin. Fleire meldte seg, og per no har Simon illustrert fire mindre måleri rundt om i Fosnavåg.

#streetartfosnavag
Marthe oppmodar spesielt barnehagar og skular til å ta turen rundt om for leite etter dei ulike motiva. 

– Det var det som var intensjonen med prosjektet, å inspirere folk til å ta seg ein tur ut og bruke sentrum. Kanskje spesielt for ungane, at dei kan bruke fantasien og undre seg over kva dette er for noko. Vi er glade for at dette er kunst som er tilgjengeleg for alle, døgnet rundt, avsluttar ho, og anbefaler folk til å publisere bilete av veggkunsten i sine sosiale kanalar saman med hasjtaggen for prosjektet; #streetartfosnavag.

Er du nysgjerrig på kven Sparebanken Møre er? Her kan du lese meir om banken.

Flere artikler i kategorien Lokalt engasjement