Gå til sbm.no
Banksjef Hege Karete Hamre i Sparebanken Møre og prosjektleiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum.Banksjef Hege Karete Hamre i Sparebanken Møre og prosjektleiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum. Foto: Ellen Skjodevåg Bø/ Sytalaust

Rethinking Business

Ein av dei største leiarkonferansane

Praten går lett rundt bordet i Sparebanken Møre sine lokale i Ulsteinvik. Stemninga er særs god mellom banksjef Hege Karete Hamre og prosjektleiar Anna Klara Måseide i Ulstein Næringsforum. Kanskje ikkje så rart. Leiarkonferansen har nett signert kontrakt med Premium partnar, Sparebanken Møre.

–  Det er akkurat slik vi vil ha det, seier Anna Klara –  Aktive partnarar, som kjem med gode innspel og gjer oss enda betre. Saman skal vi skape ei leiarkonferanse i toppsjiktet.

Best mellom Bergen og Trondheim
For det er det som er målet til prosjektleiaren, å arrangere ein av dei største leiarkonferansane mellom Bergen og Trondheim. – Ja, vi skal sette Ulsteinvik på kartet. I fjor starta vi i så smått med konferansen «The New Normal», og i år skal vi etablere oss i større grad, med temaet «Rethinking Business». Vi har høge ambisjonar, og har invitert med eit stjernelag av føredragshaldarar, fortel Anna Klara målbevisst. Ho ramsar opp store namn som blant andre Børge Brende, Elisabeth Grieg, Curt Rice, Richard Quest, Kjetil Bollestad, Kristin Skogen Lund og sjølvaste fenriken, Geir Aker frå Kompani Lauritzen.

 – Med alle desse på laget, er vi ganske sikre på at vi skal klare å fylle Sjøborg Kulturhus med 500 toppleiarar frå det ganske land, onsdag 20. oktober, fortel Måseide.

Einsam rolle
Hege Karete har sjølv trua på årets Leiarkonferanse. Ho er ei kunnskapsrik dame med kompetanse frå leiarskap på ulike nivå, og veit kor viktig det er med eit forum der ein kan dele erfaringar med likesinna. – Ja, dette er ekstremt viktig. Å vere leiar er ei utruleg einsam rolle. Sjølv om du har eit godt team og styre rundt deg, så er det uansett du som sit med det totale ansvaret og må ta dei endelege slutningane. Du er gjerne ikkje einsam som person, men i rolla og gjennomføringa av den.

– Eg er sikkert ikkje åleine om å føle det slik. Dette gjeld nok fleire leiarar, uansett kjønn. Leiarrolla er eit komplekst tema, som alltid vil vere interessant, spesielt no i desse tidene. Og kanskje viktigare enn nokon gong blir det derfor å delta på årets Leiarkonferanse. Mest for å bli inspirert av dei som har vore gjennom krevjande omstillingar, dele erfaringar frå ulike bransjar, og ikkje minst for å få innspel til korleis tilpasse oss den nye normalen, synsar Hege.

Auga til Anna Klara glitrar! Det er akkurat dette ho jobbar for å få til. – Samtidig er det viktig å nemne at alle leiarar er velkomne. Denne konferansen er ikkje berre for dei som har ansvar for store konsern, men også for dei som driv små og mellomstore bedrifter. Vi ynskjer at denne konferansen skal gi kompetanseoverføring på tvers av miljø og bransjar, legg ho til og fortset.

Skape magi
– I år skal vi skape magi! Vi skal la næringslivsleiarar møte leiarar innan offentleg forvaltning og akademia. Vi tek også opp suksessen frå i fjor med paneldebatt på scena, med diskusjonar rundt nytenking i ulike bedrifter. Her vil vi sette saman Kjetil Bollestad frå Green Yard Kleven med Mariann Øye frå Hotel Union Øye. Hotelldirektøren, som trass pandemi og hotelldrift, har satsa og verkeleg fått det til. Saman med desse to får vi også høyre Oscar Haugen, ein internasjonal toppleiar frå Grodås! Han er i dag CEO i GRS Riflestocks, som er verdsleiande innan å dreie skaft til ulike rifler, både innan jakt og skiskyting. Utruleg spanande! Og veldig interessant at desse tre faktisk symboliserer dei tre hovudindustriane på Sunnmøre; maritim, reiseliv og møbel – sidan GRS først dreia bein til stolar og bord!

– Ja, og så har vi med Ole Rolfsrud, som skal leie det heile, skyt Hege Karete inn. – Det er faktisk alfa omega for heile konferansen. Han var så dyktig i fjor, og ein vi i salen kan relatere oss til. Ole kan fortelje den gode historia, samtidig som han balanserer innhaldet mellom det lokale og regionale inni den nasjonale og globale konteksten. 

«Live» over Atlanteren
Måseide kunne ikkje vore meir einig. – Vi er veldig takksame for at Rolfsrud tek turen til Ulsteinvik også i år. Hans rolle blir enda viktigare denne gongen, når vi har det totale ansvaret for alle føredragshaldarane. Richard Quest kjem eksempelvis ikkje fysisk til oss, men er med «live» frå New York. Han kan sjå oss i salen, samtidig som han snakkar direkte med Ole Rolfsrud. Dette blir nytt frå i fjor, og veldig kjekt at vi klarer å få til den gode dialogen, også over Atlanteren, fortel Anna Klara.

Ho legg ikkje skjul på at det er det gode samarbeidet med Oslo Business forum som bidreg til at dei kan fylle korga med alle desse godbitane av toppnamn frå det internasjonale næringsliv. – I år køyrer vi løpet sjølv, men framover er målet å samarbeide tettare med forumet i Oslo. Deira kontaktnett og erfaring er gull verdt for oss. Tenk om vi ein dag kan få besøk av ei skikkeleg verdsstjerne til Ulsteinvik?

Skaparglede
– Alt er mogleg, og det er lov med ambisjonar, supplerer Hege. –  Visjonen til Sparebanken Møre er «Den fremste pådrivaren for skaparglede på Nordvestlandet. Kvar dag», og det er med denne som bakgrunn at banken vel å støtte konferansen og gå inn som Premium partnar. Vi skal legge til rette for at det veks og gror i samfunnet vårt, og at det blir skapt slike arenaer som Leiarkonferansen. På våre kantar har vi ein enorm skaparkraft og vinnarvilje, som saman med god infrastruktur gjer at vi kan få til det vi vil sjølv.

– Folk og relasjonar kjem heller aldri til å gå av moten. Vi ser berre no etter ein lang pandemi, kor avhengig vi er av å legge til rette for slike møtestadar. Folk har eit behov for å møtast, ikkje berre digitalt, men også fysisk. Konferansen i fjor var ein kjempesuksess – trass korona og smittevern, men no skal vi feste årets konferanse inn i den nye normalen, og la den bli ein tradisjon i åra framover. Banken har trua på dette, og ønsker derfor å bli med som ein solid og framtidig samarbeidspartnar, avsluttar Hege med eit smil.

– Vi er så evig takknemleg for nettopp dette, seier Anna Klara. – Dette er så kjærkome, og bidreg til at vi kan lage ei profesjonell konferanse for næringslivet her. Det er utruleg viktig at Sparebanken Møre legg til rette for slik skaparglede i regionen vår, ikkje berre for oss, men også for mange andre her.

Flere artikler i kategorien Næringsliv