Gå til sbm.no
Ingvild Hofseth Rye og sambuaren Gregorio Di Stefano er blant bustadkjøparane som ikkje har opplevd stor renteauke.

Vi har historisk lave renter:

Er du klar for renteoppgang?

Snart kan du leite fram vårskoa dine. Hugs å sko deg for renteoppgang òg.

Etter ein lang periode med historisk lave renter er Norges Bank i gang med å justere opp styringsrenta. Det er venta oppgang ved neste rentemøte 24. mars, og ifølgje prognosane skal renta vidare oppover dei næraste åra.

Vi har snakka om lån og rente med to generasjonar i same familie; lektor Nils Einar Rye vil posisjonere seg for ein romsleg pensjonsalder, medan psykolog og småbarnsmor Ingvild Hofseth Rye vil fokusere på ein god kvardagsøkonomi.

Styringsrenta legg premissar for lånekostnadane
Styringsrenta, eller foliorenta, er eit verkemiddel Norges Bank bruker for å justere prisvekst og utvikling i norsk økonomi. Styringsrenta er renta som bankane får på innskota sine i Norges Bank. Ho har såleis stor påverkingskraft på rentenivået i Noreg. Kunderentene vert ofte justert i etterkant av endring i styringsrenta, og bankane har seks vekes varslingsfrist til kundane før ei endring trer i kraft.

Kva er så ei høg rente?
Både Nils Einar og dottera Ingvild tenker at utlånsrenter frå fem prosent og oppover er høgt, sett ut i frå situasjonen vi har i dag. Men Nils Einar hugsar godt bankkrisa i overgangen mellom 1980- og 90-talet.   

– Sjølv hadde eg ikkje bustadlån då, men det var ikkje uvanleg med eit nivå på tretten til femten prosent. Historisk sett er dermed dagens prognosar nokså moderate, seier han.

Ingvild har også høyrt om dei høge rentene som var før, men har enno til gode å kjenne dei på kroppen. 

Nils Einar Rye vil posisjonere seg for ein romsleg pensjonsalder, medan dottera og småbarnsmor Ingvild Hofseth Rye vil fokusere på ein god kvardagsøkonomi. Bilde: Her er familien samla på hytta på Fjellsætra.

Kva seier Norges Bank?
Basert på rentebana til Norges Bank skal renta auke med vel ein prosent fram til slutten av 2024, for deretter å flate ut. Uventa hendingar kan gjere at biletet endrar seg. Pandemien førte til langt lågare renter enn forventa dei siste par åra. Vi veit framleis ikkje korleis krigen i Ukraina vil utvikle seg og kva effekt dette vil ha på Noreg; økonomisk og elles.

Ein del ekspertar tek til orde for at renta må stige meir og raskare enn det Norges Bank har varsla, grunna høg forventa lønsvekst, mangel på arbeidskraft og høg prisvekst.

Fast eller flytande rente?
Dersom den varsla renteauken vil påverke lommeboka di meir enn du ønsker eller toler, kan du vurdere å binde renta på heile eller delar av bustadlånet. Då låser du renta i ei periode på tre, fem eller ti år. Merk likevel at du ikkje kostnadsfritt kan endre lånet i bindingstida, verken med ekstra innbetaling eller endring av terminbeløp. Eit flytande lån er dermed meir fleksibelt og tillét auka handlefridom i periodar med stram økonomi. Ei kompromiss kan vere å binde delar av finansieringa.

Lag di eiga fastrente
Ønsker du å behalde den flytande renta, men samstundes førebu økonomien din på dyrare lån? Om du har ein million i lån, aukar kostnaden din med om lag 10.000 årleg for kvar prosent renta går opp. Rekn ut kor mykje den venta renteoppgangen kan koste deg månadleg. Dette beløpet kan du legge opp som ei fast sparing til bufferkonto, ekstra nedbetaling på lån eller pensjonssparing på fond. Då tilpassar du forbruket ditt i forkant og kan ta renteoppgangane på strak arm.

Nils Einar hugsar godt bankkrisa i overgangen mellom 1980- og 90-talet, og i lys av det er dagens prognosar nokså moderate, meiner han. Bilde: Her er han saman med kona May Jorunn Hofset Rye.

Korleis kan ein bu seg på auka renter?
Far og dotter Rye har også gjort seg nokre tankar om korleis dei kan bu seg på auka renter. Nils Einar ser føre seg å betale ned gjelda si raskare, både på grunn av renteutsiktene og fordi han etter kvart vert pensjonist. Ingvild ser tvert imot for seg å kunne betale ned gjelda over lengre tid dersom det vert stramt, samt sjå på andre utgifter og forbruk. 

– Eg ser ikkje vekk frå at eg undervurderer den auka rentekostnaden og kor mykje vi må kompensere på andre frontar, seier ho.

Ingvild er uansett ikkje så bekymra for auka lånekostnadar. Ho og sambuaren har litt slingringsmonn i økonomien og ser at der er fleire grep dei kan ta ved behov. Ho finn også tryggleik i at banken legg til grunn ein renteoppgang ved behandling av lånesøknader.

Krigen i Ukraina 
Akkurat no er det hendingane i Ukraina og lidingane til folket der som uroar Ingvild mest. Ho tenker også på korleis situasjonen vil påverke verda og verdsøkonomien.

– Vi i Noreg vil vere blant dei som er godt rusta til å handtere dei økonomiske konsekvensane av krisa, men det vil nok merkast, særleg i kombinasjon med auka renter, høge straumprisar og generell prisauke, seier ho.

Pappa Nils Einar er samd. Heller ikkje han bruker mange bekymringstankar på renta. Han har dessutan levd lenge nok til å sjå at det fleire gongar har vore varsla renteendringar som ikkje har vorte noko av.  

– Ofte kjem uventa eksterne hendingar som gjer at situasjonen vert annleis enn det ekspertane har prognostisert.  

Far og dotter fortel at renter ikkje er samtaletema i vennegjengen eller kantina. Ingvild har inntrykk av at dei færraste har sete seg ned og rekna på kva ein renteoppgang vil bety for økonomien deira. 

– Vi er nok godt vande, vi som har fått bustadlån dei siste åra. 

– Vi er nok godt vande, vi som har fått bustadlån dei siste åra, meiner Ingvild.

Lav terskel for å søke om råd
Det er enkelt å kontakte banken, og den gode dialogen mellom kunde og rådgivar er ein sentral del av strategien til Sparebanken Møre. Dersom du er usikker på økonomien din, håper vi at du tek kontakt. I fellesskap finn vi gode løysingar. Kontakt oss gjerne!

Her kan du lese meir om fastrente og bustadlån i Sparebanken Møre.

Flere artikler i kategorien Privatøkonomi