Gå til sbm.no
Mann ser i kamera, smiler. – Det er ikkje slik at alle kundar treng alt. Vi er opptekne av å finne løysingar som dekker kunden godt og som kunden sjølv er fornøgd med, seier Per Ronald Knutsen.

Det kan lønne seg med ein

Gjennomgang av forsikringane dine

Det høyrast kjedeleg ut, men du kan faktisk spare ein del pengar på å setje av tid til ein gjennomgang av forsikringane dine.

Per Ronald Knutsen er banksjef ved Sparebanken Møre sitt kontor i Fosnavåg. Han er oppteken av at kundane deira er riktig og godt nok forsikra, både når det gjelder eigedelar og dei forsikringane som gjeld liv og helse. 

Finn gode løysingar
På kontoret i Fosnavåg er det, i tillegg til Per Ronald, fem rådgivarar. Dei er alle opptekne av å sjå kunden sin økonomi i ei heilheit, og finne gode løysningar som passar kvar enkelt. 

– Det er ikkje slik at alle kundar treng alt. Vi er opptekne av å finne løysingar som dekker kunden godt og som kunden sjølv er fornøgd med, seier Per Ronald.

Start med å få oversikt
Om du no tenkjer at du burde tatt ein gjennomgang av forsikringane, har Per Ronald nokre god råd på vegen. 

– Det første rådet mitt er å skaffe seg oversikt over kva forsikringar ein har og kva dei dekker. Ta også med eventuelle forsikringar du har gjennom arbeidsgivar. Då kan du sjekke om du manglar noko eller om du er dobbelt forsikra. 

Sikkerheitsrabattar
– I 2020 var vi mykje heime og mange av oss nytta anledninga til å oppgradere bustaden. Har du gjort endringar som har økt sikkerheita eller påverkar verdien av bustaden, kan det vere nyttig å sjekke om du har riktig dekning og om du har sikkerheitsrabatt på forsikringa, fortel Per Ronald.

På bustadforsikringa kan du få rabatt for mellom anna innbrotsalarm, lekkasjestopp og brannalarm som er knytt til ein sentral.

På bustadforsikring kan du få rabatt for mellom anna innbrotsalarm, lekkasjestopp og brannalarm som er knytt til ein sentral. FOTO: Kristin Støylen

Innbu
Per Ronald fortel at mange undervurderer verdien av innbuet sitt, og dermed har for lav dekning. Eig du gjenstandar som til dømes bunad eller kunst som har ekstra høg verdi, bør ein vurdere å ha ei eiga verdigjenstandforsikring.

Små detaljar kan ha stor betydning
Andre ting som kan vere lurt å sjekke er til dømes kilometerstanden på bilen. Det er ikkje vits i å betale for kilometer du ikkje køyrer, og køyrer du meir enn du har dekning for, kan du få avkorting på erstatninga om du får skade på bilen. 

Aha-oppleving
Livet endrar seg over tid og det gjer også behovet for forsikringar. Vi skaffar oss familie, investerer i hus, hytte, bil og båt.  

– Når vi har slike gjennomgangar av forsikringane ser vi blant anna på korleis økonomien vil sjå ut om kunden skulle bli ufør, eller partnaren fell frå. Mange blir overraska over kor mykje økonomien kan bli påverka ved eventuell uførheit og død, fortel Per Ronald.

– Det er eit vanskeleg tema å ta opp i møte med kundane, men det er kanskje det aller viktigaste. Sjukdom og død er ikkje noko vi vil tenke på, men det er viktig for oss at kundane våre veit at dei kan klare seg økonomisk om noko skulle skje.

Snakk med ein rådgivar
Det kan virke overveldande å gå gjennom forsikringane. Det er mykje å ta stilling til, mange detaljar og mykje å hugse på. Då kan det vere greitt å ta eit møte med rådgivaren din. 

– Det er kanskje det beste tipset eg kan gi. Avtal eit møte med rådgivaren din, ta med deg forsikringspapira dine og noter deg dei spørsmåla du har i forkant av møtet. Saman kan vi då finne ut kva som er riktig og god nok forsikring for deg, avsluttar Per Ronald. 

Flere artikler i kategorien Privatøkonomi